Nina Jensen
Nina Kristine Jensen (fødd 22. november 1975 Oslo) er ein norsk marinbiolog og leiar av til forskings- og ekspedisjonsskipet MS «REV Ocean».[1][2] Ho er tidlegare generalsekretær i World Wide Fund for Nature. I mars 2014 vart Jensen utnemnd til Young Global Leader, eit nettverk som jobbar som integrert del av World Economic Forum.[3]
Nina Jensen | |||
![]() | |||
Fødd | 22. november 1975 Oslo | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | marinbiologi | ||
Yrke | marinbiolog, administrerande direktør | ||
Institusjonar | World Wide Fund for Nature REV Ocean | ||
Alma mater | James Cook University Noregs fiskerihøgskole | ||
Ektefelle | Nicolai Roan | ||
Medlem | Framtiden i våre hender |
Utdanning og karriere
endreJensen har utdanning som marinbiolog frå James Cook University i Australia og arktisk marinbiologi frå Noregs fiskerihøgskole i Tromsø. Ho skreiv masteroppgåve om storkobbebestanden i Barentshavet og har òg skrive om torskestammen.[4][5] Jensen har dessutan røynsle som prosjektkoordinator i reklamebyrået Ogilvy & Mather.
Jensen starta som frivillig i WWF i 2003. I 2005 vart ho havmiljørådgjevar same stad, deretter leiar for naturvernsavdelinga til organisasjonen og så fagsjef. 1. mars 2012 overtok Jensen etter Rasmus Hansson som generalsekretær i WWF Verdas naturfond, ei stilling ho hadde fram til 2017.[6]
Som generalsekretær var Jensen ein profilert samfunnsdebattant, som tidleg tok til orde for at Oljefondet burde trekkja seg ut av kol og i staden investera i fornybar energi. Ho er forkjempar for betre forvalting av dei norske havområda, og har fronta WWF sitt mangeårige arbeid for ein eige norsk klimalov. Ho er jamleg å sjå og høyra i debattprogram på både TV og radio.
Jensen er òg medlem av Framtiden i våre hender.[7]
Privat
endreNina Jensen er oldebarn av kvinnesakskvinna og Venstre-politikaren Betzy Kjelsberg og syster av tidlegare Framstegsparti-leiar og finansminister Siv Jensen. Jensen har eitt barn med sambuaren Nicolai Roan.[8] Roan døydde av hjernekreft 30. juli 2019.[9]
Kjelder
endre- ↑ Garvik, Olav (17. august 2021). «Nina Jensen». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «The team», REV Ocean (på engelsk), henta 22. november 2021
- ↑ «Nina Jensen - Agenda Contributor | World Economic Forum». Henta 14. februar 2017.
- ↑ Nina Jensen The effects of ice cover on bearded seal (Erignathus barbatus) vocal patterns over 16 years Mastergradsoppgave i marinbiologi - Universitetet i Tromsø, 2005
- ↑ Maren Esmark, Nina Jensen The Barents Sea cod: The last of the large cod stocks WWF Norway report 4/2004
- ↑ «Tronskiftet: Nina Jensen ny generalsekretær i WWF» (på norsk).
- ↑ Teknisk ukeblad – Den rødgrønne regjeringen er forbausende lite grønn (portrettintervju) 22.09.2012
- ↑ Synnøve Gjerstad; Margrethe Håland Solheim. «Nina Jensen frykter at samboeren er rammet av hjernekreft: - Helt ulidelig». TV 2.
- ↑ Mina Ridder-Nielsen Janssen; Christian Roth Christensen; Christian Roth Christensen; Angelica Hagen Angelica Hagen (9. august 2019). «Nina Jensens samboer bisettes». Dagbladet.
- Denne artikkelen bygger på «Nina Jensen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2021.