Nina Nesbitt

britisk songar og musikar

Nina Nesbitt (fødd 11. juli 1994) er ein skotsk singer-songwriter.

Nina Nesbitt

Fødd11. juli 1994 (29 år)
FødestadEdinburgh
OpphavStorbritannia
Aktiv2011–
Sjangerbalkanpop, rock
Instrumentgitar, piano, fløyte, vokal, tromme
PlateselskapUniversal Music Group, Cooking Vinyl
Verka sommusikar, songar-låtskrivar, gitarist, pianist, plateartist

Liv og karriere endre

Nesbitt blei fødd i Livingston i West Lothian,[1] og gjekk på ein liten barneskule i Bellsquarry. Då ho var 12 flytta ho til Balerno, ein forstad til Edinburgh, og blei elev ved Balerno Community High School. Ho har skotsk far og svensk mor. Som barn deltok ho i lokale og regionale gymnastikkonkurransar med skulen sin i Bellsquarry, med Pentland Rhythmic Gymnastics Club og for Skottland.[2]

Ho starta musikkarrieren sin med å skriva og spela inn songar på rommet sitt, og lasta dei opp til Youtube-kanalen sin.[3][4] Nesbitt speler gitar, klaver og fløyte.

Etter å ha møtt musikaren Ed Sheeran, blei ho invitert til å varma opp for han på europaturnéen hans. Då ho spelte inn eit cover av «Stay Awake», blei opphavspersonen til songen Example òg interessert i eit samarbeid.[5] I 2012 medverka ho på musikkvideoen til Ed Sheeran sin song «Drunk».[6]

Den andre EP-en hennar, The Apple Tree, kom ut i april 2012, og nådde ein sjetteplass på iTunes si nedlastingsliste etter å ha blitt spelt på BBC Radio 1.[7] Nesbitt nådde fysteplassen på iTunes si singer/songwriter-hittliste.[5]

I oktober 2012 la Nina Nesbitt ut på sin tredje engelske turné, BOY UK TOUR, for å promotera debutsingelen, Boy, og EP-en med same namn. I april 2013 gav ho ut sin tredje EP, Stay Out, og i juli 2013 kom EP-en Way in the World ut. I 2014 gav ho ut sitt fyrste album, Peroxide.

Diskografi endre

Album endre

  • Peroxide (2014)
  • The Sun Will Come Up, the Seasons Will Change (2019)
  • Älskar (2022)

EP-ar endre

Tittel Detaljar Songar
Live Take
  1. "Glue" (Live) - 2:17
  2. "Noserings and Shoestrings" (Live) - 3:36
  3. "Skeletons" (Live) - 4:47
  4. "Babylon" (Live) - 4:53
The Apple Tree
  1. "The Apple Tree" - 2:53
  2. "Seesaw" - 2:47
  3. "Hald You" - 5:05
  4. "Only Lover" - 3:15
  5. "Make Me Fall" - 3:50
Boy
  1. "Boy" - 3:36
  2. "Jessica (Demo)" - 4:38
  3. "Boy (Acoustic Versjon)" - 3:35
  4. "Boy (Hostage Remix)" - 3:49
Stay Out
  1. "Stay Out" - 2:45
  2. "Just Before Goodbye" - 3:11
  3. "No Interest" - 3:10
  4. "til Statue" - 4:13

Singlar endre

År Tittel Hitliste plassering Album
UK



[8]
2012 "Boy" 139

Fotnotar endre

  1. «Nina Nesbitt: The Scottish singer-songwriter on taking on America, and winning». Ludlow Advertiser. Henta 6. august 2018. 
  2. «Nina Nesbitt is the most exciting pop artist to release music this year». 21 September 2017. 
  3. «Nina Nesbitt will convince you break-ups are actually dope». Galore Mag. 21. november 2017. 
  4. «Nina Nesbitt made £100k before debut album». Edinburgh Evening News. Henta 6. august 2018. 
  5. 5,0 5,1 «17-year-old Edinburgh singer Nina Nesbitt rides high in charts». Edinburgh Evening News. 26. april 2012. Henta 12. juli 2012. 
  6. «Using our Eds: Scots singer Nina Nesbitt hints at duet with boyfriend Sheeran». Daily Record. Henta 3. desember 2015. 
  7. «Track - 04 May 2012». Record of the Day. 4. mai 2012. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 12. juli 2012. 
  8. Peak positions in the United Kingdom:

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nina Nesbitt
  Commons har multimedium som gjeld: Nina Nesbitt

*Offisiell nettstad