Nintendo 3DS

(Omdirigert frå Nintendo 3DS XL)

Nintendo 3DS (ニンテンドー3DS) er ein handhalden spelkonsoll produsert av Nintendo. Masinen kan gje ein 3D-effekt frå den øvste skjermen med hjelp av autostereoskopi, dette utan at ein treng spesialbriller.[1] Nintendo 3DS er kompatibel med programvare frå Nintendo DS-serien, inkludert Nintendo DSi-programvare.[1] Konsollen vart annonsert mars 2010 og offisielt avduka under E3-messa i juni same året.[1][2] Nintendo 3DS er etterfylgjaren til Nintendo DS-serien av handhaldne spelkonsollar.

Nintendo 3DS
Nintendo 3DS

Konsollen vart lansert 26. februar 2011 i Japan, 25. mars 2011 i Europa og 27. mars 2011 i Nord-Amerika.[3][4] Nintendo annonserte 28. juli 2011 at dei ville redusera prisen på Nintendo 3DS. Priskuttet tredde i kraft 12. august 2011, og dei som hadde kjøpt konsollen til den opphavlege prisen fekk 10 gratis Nintendo Entertainment System-spel og 10 gratis Game Boy Advance-spel gjennom tenesta Nintendo eShop.[5]

Nintendo har den 30. juni 2012 selt 19 millionar 3DS-konsollar. Av dette 6,76 millionar i Japan og 6,41 millionar i Nord-Amerika.[6] Ein ny versjon av konsollen, kalla Nintendo 3DS XL, vart annonsert 21. juni 2012. Denne har 90 % større skjermar enn den originale versjonen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Launch of New Portable Game Machine» (PDF). Nintendo. 23. mars 2010. Henta 23. mars 2010. 
  2. Tabuchi, Hiroko (March 23, 2010). «Nintendo to Make 3-D Version of Its DSi Handheld Game». Arkivert frå originalen 16. januar 2010. Henta 24. april 2010. «It takes place June 15~17, 2010, at the Los Angeles Convention Center.» 
  3. «Nintendo's 3DS Hits the U.S. On March 27 for $249.99». Kotaku.com. 19. januar 2011. Henta 7. juli 2012. 
  4. «Nintendo's 3DS Hits Europe On March 25». Kotaku.com. 19. januar 2011. Henta 7. juli 2012. 
  5. «What Do You Think About Nintendo's Big 3DS Announcement?». IGN DS. IGN. July 28, 2011. Henta 28. juli 2011. «In an astounding and unexpected set of announcements, Nintendo took a huge leap in righting the wrongs of the 3DS' shaky launch. The system, which released in the US on March 27 with a hefty $250 dollar price tag, will see a massive price cut to $170 come August 12.» 
  6. «Consolidated Sales Transition by Region» (PDF). Nintendo. 24. juli 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 21. desember 2012. Henta 26. juli 2012. 

Bakgrunnsstoff endre