Opna hovudmenyen

Nir David (hebraisk נִיר דָּוִד, tyder Davidsenga) er ein kibbutz i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han vart grunnlagd 10. desember 1936 som Tel Amal, den andre av tårn og palisade-busetjingane, og er i dag ein del av Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.

Nir David
landsby
Gilboa 005.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Beit She'an-dalen nær byen Jenin
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°30′13″N 35°27′26″E
Grunnlagd 1936
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nir David
Nettstad: www.nir-david.org.il

HistorieEndra

 
Nir David - den første tida (1946)

Nir David-pionerane oppstod i byen Ramat Gan i 1932. Dei første medlemmane var grunnleggjarane av sionistungdsomsrørsla Hashomer Hatzair i Israel. I 1933 slo gruppa seg saman med kibbutzen «Massad» frå Polen (ingen samanheng med Massad fellesbusetnad i Nedre Galilea, eller «Massad»-gruppa som grunnla den nærliggande kibbutzen Kfar Ruppin). I 1934 sende samfunnet ei gruppe til Beit She'an-dalen for å dyrke land der som Jewish National Fund hadde kjøpt for framtidige busetjingar i regionen. Medlemmane i kibbutzen byrja å drive jordbruk kring Tel Shuk, der kibbutzen seinare vart grunnlagd. Då arabararopprøret byrja natt til 20. april 1936 vart den første kveiteavlingane til kibbutzen sett i brann og plantene og frøplantene vart rive opp med rota.

Pionerande vendte trass i farande attende. Med fare for arabisk terror og motstand frå britane, la dei ein plan om å bygje festningsverk i busetnaden for å kunne stå i mot åtak. Den 10. desember 1936 vart Tel Amal grunnlagd som den første tårn og palisade-busetjinga (og den første kibbutzen) i Beit She'an-dalen, og den andre i heile Palestinamandatet etter Kfar Hittin. Dei neste tre åra, under arabararopprøret, vart 52 slike busetjingar bygd i raskt tempo.

I 1940-åra vart kibbutzen kalla Nir David til ære for David Wolfsohn, den andre leiaren i World Zionist Organization.[1]

Kibbutzen har i dag over 650 vaksne medlemmar og barn.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. A room with a view of Israel of old, Haaretz

BakgrunnsstoffEndra