Nittedal kommune

kommune i Akershus fylke i Noreg

Nittedal er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord til Lunner og til Nannestad, i aust til Gjerdrum, i søraust til Lillestrøm og i sør og vest til Oslo.

Nittedal kommune
kommune
Nittedal sentrum
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Rotnes
Areal 186,23 km²
 - land 180,29 km²
 - vatn 5,94 km²
Folketal 25 882  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Rune Winum (H)
Kommunenr. 3232
Kart
Nittedal kommune
60°04′23″N 10°52′20″E / 60.073055555556°N 10.872222222222°E / 60.073055555556; 10.872222222222
Wikimedia Commons: Nittedal
Nettstad: www.nittedal.kommune.no

Nittedal kommune har ikkje éin stor tettstad som mange andre kommunar, men mange mindre. Hagan er den største av desse tettstadene og ligg i sør like ved bygrensa til Oslo. Rotnes ligg i midtre del av kommunen. I nordlege delar av kommunen, som òg blir kalla Hakadal, er Åneby den største av fleire små tettstader.

Namn endre

 
Nittelva renn gjennom Nittedal frå nord til sør. Her er ho fotografert ved tettstaden Hagan sør i dalen.
 
Nittedal rådhus, som ligg ved tettstaden Rotnes midt i dalen.

Namnet «Nittedal» kjem av norrønt Nitjudalr. Etterleddet dalr tyder 'dal', medan forleddet Nitju er genitiv singularis av Nitja, som er det gamle namnet på Nittelva. Det er uvisst kva Nitja tyder. Moderne skriftbasert uttale er [²nitedɑːɽ] eller [²nitedɑːɳ], men tradisjonell uttale er [²nedɑɳ].

Geologi endre

Nittedal høyrer til Oslofeltet. Spesielt kjent er Nittedalskalderaen, som er restane etter vulkansk aktivitet i permtida.[1]

Kjende nittedølar endre

Kjelder endre

  1. Bjørn T. Larsen, Snorre Olaussen, Bjørn Sundvoll og Michel Heerman: «Vulkaner, forkastninger og ørkenklima. Osloriften og Nordsjøen i karbon og perm, 359–251 millioner år», i Ivar Ramberg et al. (red.): Landet blir til. Norges geologi. Norsk Geologisk Forening 2007.
  2. Alf Prøysen. nittedalsporten.no. Vitja 12. april 2020

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.