Nivlheim
Nivlheim eller Niflheim (gamalnorsk Niflheimr) er den kalde og mørke sida av verda i norrøn mytologi. Namnet tyder ‘skoddeheimen’,[1] og her fanst berre is og skodde. Niflheim ligg mot nord.[2]
Muspelheim, som ligg i sør, er motstykket til Niflheim. I Muspelheim er det ljos og varme. Midt mellom dei to verdene Niflheim og Muspelheim finst det tomme Ginnungagapet.[2]
Helheim vart etter kvart ein del av Niflheim. I Nivlheim låg kjelda Kvergjelme, og frå kjelda rann elvane Elivåger mot sør. Slik vart Ginnungagap fylt av rimfrost og is. Frå elden i Muspelheim i sør spruta det gneistar og glør mot nord. Av smeltevatnet vart det liv, det tvikjønna urvesenet Yme og kua Audhumla. Yme vart det fyrste vesenet. Av mjølka frå jura til Audhumla livnærte Yme seg.[2] Rimtusser eller jotnar oppstod også frå dette.[3]
Ei av røtene til Yggdrasil gjekk ned til Kvergjelme i Niflheim. Her var det mange ormar. Ein av desse var Nidhogg, som gnog på rota til verdstreet.[4]
Kjelder
endre- ↑ Dent, Susie (2012). «Niflheim» (på engelsk). Chambers Harrap Publishers.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Hansen, Jan Erik Ebbestad; Møller, Kari (1999). Norrøne myter og sagn. Gyldendal Fakta. s. 9. ISBN 82-05-25546-6.
- ↑ «Nivlheim» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Hansen & Møller 1999, s. 12.