No Guts...No Glory av Molly Hatchet
No Guts...No Glory Studioalbum av Molly Hatchet | ||
Utgjeve | Mars 1983 | |
Innspelt | 1983 | |
Studio | Bee Jay Recording Studios, Orlando, Florida Record Plant Studios, Los Angeles, California | |
Sjanger | Southern rock, hardrock | |
Lengd | 41:22 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Tom Werman, Dave Hlubek, Duane Roland | |
Molly Hatchet-kronologi | ||
---|---|---|
Take No Prisoners (1981) |
No Guts...No Glory | The Deed Is Done (1984)
|
Singlar frå No Guts...No Glory | ||
|
No Guts...No Glory er det femte studioalbumet til det amerikanske southern rock-bandet Molly Hatchet, gjeve ut i 1983. Den originale vokalisten Danny Joe Brown kom attende i bandet for denne innspelinga. Bandet hadde fått ny rytmeseksjon som bestod av bassisten Riff West (tidlegare i White Witch) og trommeslagaren Barry Borden (tidlegare i Mother's Finest). Det er det einaste albumet til Molly Hatchet som ikkje har eit episk plateomslag med fantasy-tema. Fotografiet til albumet vart visstnok teken i Six Gun Territory, ein no nedlagd temapark i Silver Springs i Florida.
Albumet inneheld den populære songen «Fall of the Peacemakers», med referansar til John Lennon. Under turneen for å marknadsføre albumet, slutta gitaristen Steve Holland i bandet og vart erstatta av klaverspelaren John Galvin.
«What's It Gonna Take», skriven av Gary O'Connor, vart òg spelt inn av bandet Fast Forward på albumet deira Living in Fiction i 1984.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Collector's Guide to Heavy Metal | 6/10[2] |
Mark Mehler i Record oppsummerte albumet som eit «hovudsakleg rutineprega album med hardcore southern rock («Sweet Dixie», «Ain't Even Close») og streit poprock («What Does it Matter?», «Kinda Like Love»). ... Bruken av klaverinstrument gjev ein fin variasjon, men det er særs lite her me ikkje har høyrd mange gonger før, gjort mykje betre.»
AllMusic-skribenten Michael B. Smith roste Molly Hatchet for å ha gått «attende til ein kraftfull stil som var så dominerande på debutplata» og samanlikna det med «dei beste Lynyrd Skynyrd-platene» og til ein «hardrock liknande Mountain eller tidleg Grand Funk Railroad». Han meinte at Barry Borden hadde tilført gruppa ekstra kraft.[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «What Does It Matter?» | Danny Joe Brown, Duane Roland, Riff West | 3:33 |
2. | «Ain't Even Close» | Brown, Roland, West | 4:35 |
3. | «Sweet Dixie» | Dave Hlubek, Steve Holland | 3:54 |
4. | «Fall of the Peacemakers» | Hlubek | 8:03 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «What's It Gonna Take?» | Gary O'Connor | 3:59 |
6. | «Kinda Like Love» | Bobby Allison, Mac Elsensohn | 4:09 |
7. | «Under the Gun» | Hlubek, West | 3:54 |
8. | «On the Prowl» | Barry Borden, Brown, Hlubek | 4:07 |
9. | «Both Sides» | Hlubek | 5:08 |
Medverkande
endre- Molly Hatchet
- Danny Joe Brown - vokal
- Dave Hlubek - gitar, assisterande produsent
- Steve Holland - gitar
- Duane Roland - gitar, assisterande produsent
- Riff West - bass
- Barry «B.B.» Borden - trommer
- Andre medverkande
- Dru Lombar - ekstra gitar på spor 8 og 9
- Scott Shelly - ekstra gitar på spor 6
- Jai Winding - klaverinstrument
- John Galvin - piano
- Produksjon
- Tom Werman - produsent
- Gary Ladinsky - lydteknikar, miksing
- Bill Vermillion, Bill Hutchison - assisterande lydteknikarar
- George Marino - mastering i Sterling Sound i New York
Salslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1983 | Billboard 200 (USA)[3] | 59 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «No Guts...No Glory (Molly Hatchet album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Smith, Michael B. «Molly Hatchet No Guts... No Glory review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 22. desember 2020.
- ↑ Popoff, Martin (1. november 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 228. ISBN 978-1-894959-31-5.
- ↑ «Molly Hatchet Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen 7. april 2016. Henta 22. desember 2020.