Nomogram

Eit nomogram er eit grafisk hjelpemiddel for utrekningar. Det er eit todimensjonalt diagram som let ein tilnærme utrekninga av ein funksjon grafisk. Feltet nomografi vart oppfunne i 1884 av den franske ingeniøren Philbert Maurice d’Ocagne (1862-1938) og mykje nytta i mange år av ingeniørar som ønskte raske grafiske utrekningar av kompliserte formlar. Nomogram nyttar eit parallelt koordinatsystem oppfunne av d'Ocagne i staden for eit standard kartesisk koordinatsystem.

Nomogram

Nomografi er ei systematisk utnytting av grafiske metodar til å skildre samanhengen mellom to eller fleire matematiske eller fysiske storleikar ved hjelp av diagram eller nomogram.

KjelderEndra