Nonsfjellet på Ertvågsøya

Koordinatar: 63°13′43.525″N 8°28′34.662″E

Nonsfjellet el. Vardfjellet er eit 511 meter høgt fjell på den austlege delen av Ertvågsøya. Rett nord for Nonsjellet ligg eit mindre, men om lag like høgt fjell som lokalt vert kalla Kåttåfjellet. Søraust på Nonsfjellet ligg Storhatten som ikkje er særleg lægre enn høgste toppen på Nonsfjellet. I sør ligg det noko høgare Hållåfjellet, av somme også kalla Ertvågsfjellet eller Tjønnlifjellet (652 moh.).

Vardfjellet
fjell
Land  Noreg
Område Aure (Møre og Romsdal)
Høgd 511 moh.

Både i ytre del av Mjosundet og kring Aure sentrum vert fjellet kalla Nonsfjellet, sjølvsagt fordi sola står over fjellet i nonsleitet. På vestsida av Ertvågsøya vert derimot fjellet kalla Vardfjellet. Øvst er fjellet myrlendt og ganske flatt og i gamal tid kan ein hevda at desse myrane var ein del av kulturlandskapet. Årsaka til det er at det vart drive markaslått der oppe, men det er noko uvisst når denne tradisjonen tok til og når han slutta. Det var Sundsbøen (gnr. 7 i Aure) i Mjosundet som åtte desse myrane og dermed hadde rett til å driva slått der oppe. Høyet, eller myrstorren og sivet, vart turka og sett i stakkar rundt ei stong. Av den grunn vert myrene oppe på fjellet kalla for Stakkstongmyrane, eit namn som lever framleis i einskilde heimar i Mjosundet.

På nordsida av fjellet går det eit skard ned mot Mjosundet som vert kalla Renndalsskardet. Dette namnet trur ein kjem av at høyet frå stakkstongmyrene vart rend på kjelke om vinteren ned til bygda gjennom dette skardet. På vestsida mot Foldfjorden vert dette skardet kalla for Randa.

Heimelsfolk endre

Eldre folk i Mjosundet