Norbert Elias (22. juni 18971. august 1990) var ein tysk-britisk sosiolog. Han var fødd i Breslau (dagens Wroclaw i Polen), døydde i Amsterdam. Hans arbeid omhandlar tilhøvet mellom makt, livsførsel, kjensleliv og kunnskap utvikla over tid. Av historiske grunnar var Elias i lang tid ein lite påakta forfattar, før han vart oppdaga på nytt i 1970-åra. Då vart han ein av dei sosiologane med størst innverknad på fagfeltet.

Norbert Elias

Fødd22. juni 1897
Wrocław
Død1. august 1990
Amsterdam
NasjonalitetStorbritannia, Tyskland
Områdefilosofi, sosiologi
Yrkeskribent, sosiolog, universitetslærar, filosof, musikkforskar, lyrikar
InstitusjonarRuhr-Universität Bochum
London School of Economics
Universität Bielefeld
University of Leicester
Alma materUniversitetet i Heidelberg
Universitetet i Wrocław
Albert-Ludwigs-Universität
DoktorgradsrettleiarRichard Hönigswald
MedlemBlau-Weiss
Plakett for Norbert Elias i Wrocław.

Liv og gjerning endre

Elias kom til verda i Breslau i Schlesien, som på den tid høyrde til Tyskland. Faren var forretningsdrivande innan tekstilindustrien. I 1915 melde Elias seg til krigsteneste for den tyske armeen. Han var tilsett som telegraf, fyrst ved austfronten, sidan ved vestfronten. Etter ein nervøst samanbrot i 1917 vart han ordonnans postert i heimbyen. Same året tok han til å studere filosofi, psykologi og medisin ved universitetet i Breslau, i tillegg var han eit semester ved universiteta i Heidelberg og Freiburg i høvesvis 1919 og 1920.

Han forlet medisin-studiet i 1919 etter å ha stått til fyrsteeksamen (Physikum). For å finansiere studiane, etter farens formue minka med hyperinflasjonen, tok han i 1922 jobb som leiar av eksportavdelinga til ein lokal fabrikk. I 1924 avla han doktorgradeksamen i filosofi med arbeidet Idee und Individuum (=ide og individ). Til vegleiar under doktorgradsarbeidet hadde Elias ein representant for nykantiansk tenking. Misnøgd med denne ideretninga og det Elias oppfatta som mangelfull samfunnsforståing, valde han sosiologien som fag for sine vidare studiar.

Fram til 1925 var Elias sterkt involvert i den tysk-sionistiske rørsla, og var ein leiande intellektuell i den tysk-jødiske ungdomsrørsla Blau-Weiss. Han vart i desse åra kjend med andre unge sionistar som Erich Fromm, Leo Strauss, Leo Löwenthal og Gershom Scholem. I 1925 flytta Elias til Heidelberg der han arbeidde på eit prosjekt om utviklinga av moderne vitskap. Fem år seinare valde han å legge dette arbeidet til sides og vart i staden assistent til Karl Mannheim ved universitetet i Frankfurt. Kort etter nazi-regimet kom til makta i 1933 vart instituttet tvinga til å stengje. Straks etterpå flykta Elias til Paris. Foreldra hans vart verande i Breslau der faren døydde i 1940. Mora vart deportert til Auschwitz, og vart truleg drepen der i 1941.

Opphaldet i Paris varte i to år. Han arbeidde som privatlærar og fekk elles stipend frå ein institusjon i Amsterdam. I 1935 flytta han til Storbritannia, der han arbeidde med sitt hovudverk, Über den Prozess der Zivilsation, fram til 1939. I desse åra fekk han stipend frå ein hjelpeorganisjon for jødiske flyktningar. I 1939 møtte han sin tidlegare vegleiar Mannheim ved London School of Economics, der Elias fekk stilling som forskingsassistent. Året etter, då ein tysk invasjon syntest vere nær føreståande, vart han sett i interneringsleir ved Liverpool og sidan på øya Man. Her sat han i åtte månader, på grunn av sitt tyske statsborgarskap.

Etter Elias vart sett fri i 1941 flytta han til Cambridge. Han underviste ved kveldskurs for Workers` Educational Association, og seinare på kveldskurs for vidarekomne innan sosiologi, psykologi, økonomi og økonomisk historie ved University of Leicester. Medan han budde i Cambridge var han aktiv som gruppeterapeut under psykoanalytikaren S. H. Foulkes, også ein tysk emigrant, som han saman med danna Group Analytic Society i 1952.

I 1954 flytta Elias til Leicester, der han førelas og medverka til utbyggjinga av universitetets sosiologiske institutt, fram til han trekte seg tilbake i 1962. Martin Albrow og Anthony Giddens var mellom studentane hans i Leicester.

Frå 1962 til –64 underviste Elias i sosiologi ved University of Ghana i Legon nær hovudstaden Accra. Han busette seg frå 1965 i Amsterdam, men var ofte på reise som gjesteprofessor, hovudsakleg ved tyske universitet. Hans ry og popularitet voks kolossalt etter nyutgjevinga (og no på engelsk) av The Civilizing Process i 1969. Frå 1978 til –84 arbeidde han ved Zentrum für interdisziplinäre Forschung ved universitetet i Bielefeld.

Sosiologi endre

Elias viktigaste verk er tobandsverket Über den Prozess der Zivilsation (1939) (The Civilizing Process, 1969-70). Her hevdar han at dei vesteuropeiske statane si historie, sidan mellomalderen, kan forståast som ein lang sivilisasjonsprosess, der menneska i takt med framveksten av statane gradvis har utvikla ein sterkare kontroll over sine drifter, der i mellom sine aggresjonar.

Fyrste bandet i verket sporar opp kjeldene til den europeiske sedvanen og den påfylgjande historiske utviklinga av den særskilde, individuelle veremåten andsynes samfunnet sine haldningar. Elias avdekte korleis det før-mellomalderske synet på vald, seksuell framferd, kroppsbruk, bordmanerar og former for tiltale og tale gradvis endra seg ved å flytte treskelen for skam og avsky, haldningar som spreidde seg frå hoff-etiketten ut i samfunnet. Den tillærde sjølvbeherskelsen pådytta den enkelte av stendig meir samanvovne sosiale møterom, utvikla ei sjølvforståing som Freud nemnde for superego. Andre bandet av ”Sivilisasjonsprosessen” handlar om grunnane til denne prosessen og finn dei i dei stendig meir sentraliserte statsdanningane i den tidlege mellomalderen på den eine sida og den tiltakande og aukande spesialiseringa og samanvevinga i samfunnet på den andre.

Fleire verk utfyller dette hovudverket. Det gjeld studien om hoffsamfunnet, Die höfische Gesellschaft (1969), oppfylgjaren Die Gesellschaft der Individuen (1987), og analysen av sporten si utvikling i The Quest for Excitement (1986). I boka om Mozart. Zur Soziologie eines Genies (1991) prøver Elias sin teori om samspelet mellom samfunnsendring og individualitet, der han søker å gje ei sosiologisk forklaring på Mozarts "individuelle" lagnad.

Elias gjer greie for sitt syn på sosiologien i Was ist Soziologie (1970). Her argumenterer han for at sosiologien skal overskride hangen til å tenke i motsetnadskategoriar som "individ" og "samfunn". Engagement und Distanzierung (1983) legg vekt på at evna til distanse avgjer om samfunnsforskinga skal nå utover den engasjerande standpunktshevdinga. Established and Outsiders (1965, saman med John L. Scotson), er ein oppslagsrik analyse av makttilhøve, tankeformer og sjølvbilete i eit lokalsamfunn.

Interessa for Elias arbeid på hans eldre dagar kan forklarast med hans vekt på å forstå samfunnet gjennom påvising av styrande sosiale strukturar, samstundes som han ikkje mister det individuelle initiativet or syne.

Stephen Mennell si bok Norbert Elias. An Introduction (1992) diskuterer Elias verk og hans tilhøve til andre sosiologar. Elias sjølvbiografi finst i Über sich selbst (1990).

Elias var den fyrste som vart tildelt både Adorno-prisen (1977) og Amalfi-prisen (1984).

Verk av og om Elias på norsk endre

  • Elias, Norbert: De døendes ensomhet, 1984 og 1997
  • Elias, Norbert og Jürgen Habermas: Nasjonalisme og nasjonal identitet, 1994
  • Elias, Norbert: Om nasjonalisme, 1994
  • Elias, Norbert og Michael Schröter: Mozart: genialitet og samfunn, 1991
  • Fougner, Ole Thorsten: Dannet religiøsitet: sivilisasjon og religion, 1998
  • Førland, Tor Egil (red.): Norbert Elias; en sosiolog for historikere?, 1997
  • Karterud, Sigmund:Gruppeanalyse og psykodynamisk gruppepsykoterapi, 1999

Nesten alle Elias verk finst i engelskspråklege utgåver.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Norbert Elias
  Commons har multimedium som gjeld: Norbert Elias