Nord-Gudbrandsdal prosti

prosti i Hamar bispedøme

61°48′6″N 9°33′10″E / 61.80167°N 9.55278°E / 61.80167; 9.55278

Sel kyrkje

Nord-Gudbrandsdal prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Dovre, Lesja, Lom, Nord-Fron, Sel, Skjåk og Vågå i Oppland (Innlandet fylke). Prosten har sete i Sel.

Historie endre

Prostiet vart skipa i 1871 og bestod då av prestegjelda Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå som var skilde ut frå Gudbrandsdalen prosti.[1]

Tidslinje endre

  • 1871 - Oppretta ved deling av Gudbrandsdalen prosti. Bestod av prestegjelda Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå.[1]
  • 1910 - Sel skilt ut frå Vågå som eige prestegjeld.[1]
  • 1922 - Sel prestegjeld vart ført over til Midtre Gudbrandsdal prosti.[1]
  • 1972 - Sel prestegjeld og Nord-Fron prestegjeld overført til Nord-Gudbrandsdal frå Midtre Gudbrandsdal prosti (som vart lagt ned).[1][2]
  • 2004 - Utfasing av prestegjeldsordninga tek til.

Sokn endre

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Bøverdalen sokn Bøverdal kyrkje Lom
Dombås sokn Dombås kyrkje
Eysteinkyrkja
Dovre
Dovre sokn Dovre kyrkje Dovre
Garmo sokn Garmo kyrkje Lom
Heidal sokn Heidal kyrkje Sel
Kvam sokn Kvam kyrkje Nord-Fron
Kvikne sokn Kvikne kyrkje Nord-Fron
Lesja sokn Lesja kyrkje Lesja
Lesjaskog sokn Lesjaskog kyrkje
Lesjaverk kyrkje
Lesja
Lom sokn Lom stavkyrkje Lom
Nordberg sokn Nordberg kyrkje Skjåk
Nord-Sel sokn Nord-Sel kyrkje Sel
Sel sokn Sel kyrkje
Sjoa kapell
Sel
Skjåk sokn Skjåk kyrkje Skjåk
Skåbu sokn Skåbu kyrkje Nord-Fron
Sødorp sokn Sødorp kyrkje
Sødorp kapell
Nord-Fron
Vågå sokn Vågå kyrkje Vågå

Prestegjeld endre

Prestetensta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nord-Gudbrandsdal prosti desse prestegjelda:

Sjå òg endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre