Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum er eit museum i Trondheim, grunnlagt 1893. Museet har samlingar av eldre og nyare kunsthandverk, der ca. 15 % er utstilt i lokala til museet i Munkegaten. Underetasjen er vigd dei stilhistoriske samlingane, m.a. trønderske sølvarbeid frå 1600- og 1700-talet og norske glasarbeid frå 1700-åra. I 1907 designa den belgiske arkitekten Henri van der Velde eit interiør for museet som i dag dannar kjernen i ei rik art nouveau-utstilling. Den moderne samlinga omfattar blant anna Scandinavian design frå 1950–1965, ei smykkesamling, og dessutan over 20 biletteppe av Hannah Ryggen.
Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum | |||
![]() | |||
Stad | Trondheim kommune | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1893 | ||
Direktør | Åshild Adsen | ||
![]() Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum 63°25′43″N 10°23′48″E / 63.4286°N 10.3967°E |
Museumsbygningen ligg i Munkegata, eitt kvartal frå Nidarosdomen. Han er teikna av Herman Krag Arkitektkontor og bygd i 1968.
Galleri
endre-
Museet (til venstre i biletet) ligg i Munkegata, like ved Fylkeshuset på den andre sida av Erling Skakkes gate (til høgre), Trondheim rådhus og Nidarosdomen (lengst til venstre).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2021.
Litteratur
endre- Bratberg, Terje T.V.: Trondheim Byleksikon, Kunnskapsforlaget, Oslo 1996