Springaren Nordfjordingen eller Nordfjorden er kjend i heile hardingfeleområdet. Slåtten er eit døme på korleis ein etter måten stutt springar med tydeleg avgrensa vek har vore bygd ut og brigda om i tradisjon etter ymse spelemenn. Slåtten har vore ovende populær som danseslått og konsertnummer, og ein periode var springaren obligatorisk som kappleiksnummer – alle spelemenn var forplikta å kunne slåtten.

Namnet skriv seg truleg frå Norafjorden eller Osterfjorden, ytst i Sogndalsfjorden, meinte Arne Bjørndal. Han rekna med at det var Knut Lurås som i si tid lærde slåtten av spelemenn på Vestlandet og førte han inn i telemarkstradisjonen, der han vart bygd ut til den storforma som er nytta mest i dag. Storforma frå Telemark vart sidan teken opp att i Hardanger, mellom anna av Halldor Meland. Arne Bjørndal skreiv og ned nokre stev som er knytt til slåtten på Vestlandet.

Bjørndal skriv: Slaatten er eigentleg bygd paa tvo folkevise-motiv som seinare hev vorte instrumentalt utforma og utfyllt på hardingfela.... Hordaland er heimstaden hans, og namnet er henta frå Nordhordland. Mot denne teorien kan ein setja at slåtten finst mest overalt i landet, og han er funnen att som pols i Østerdalen.

Slåtten er skriven ned i mange former, og hardingfeleverket syner berre eit utval av desse. Det finst mellom anna ei form etter Myllarguten, skriven ned av Carl Schart i Bergen 1850 (Utgjeven i heftet VIII Norske slaatter for Hardangerfele, Bergen 1865).

Valdreskvelven endre

Namnet som er nytta på slåtten i Valdres, Valdreskvelven, er knytt til eit bryllaup i Ådal i 1771, der ein av båtane i brurefølgjet gjekk rundt på veg over Sperillen. Fem menneske drukna i den ulukka. Spelemannen i dette laget, Ole Garthus, Garthusguten dei kalla, skal ha spela nett denne låtten då båten han sat i gjekk rundt. I Sør-Aurdal er namnet Garthusguten og nytta på slåtten. Segna fortel at Garthusguten hadde bela til brura og ikkje fått ho. Han er elles farbror til spelemannen Harald Langåker på Nes i Hallingdal. Ein lyt elles merke seg at slåtten ikkje er registrert i særleg grad i Hallingdal.

Om vi her snakkar om same slåtten, har tona vore kjend på Austlandet i det minste sidan andre halvdelen av 1700-talet.

I si mest einfelte form har springaren mykje sams med ein masurka, og kan spelast slik.

Formoppbygging endre

Opphavleg var Nordfjorden ein einfelt lått med to vek, kvar av dei på åtte takter. Det eine veket vart spela på ”grovt og grant”, medan det andre vart spela som eit slag mellomspel. Dette kjem mest tydeleg fram i forma etter Ola Mosafinn, som ligg nærast den opphavlege vestlandsforma. Slåtten i si mest elementære form er då om lag 24 takter lang. Formene frå Telemark har sprengt dei opphavlege åttetaktsveka og brigda dei ut i langt vidarespinningsparti, som kan delast opp i bolkar på to og to takter (totaktsperiodikk).

Variantgruppa endre

Hardingfeleverket har lista opp variantane av slåtten under nr 517, med ni variantar i alt.