Nordic Fest i Decorah

For musikkfestivalen i Oslo, sjå Nordic Fest.

Nordic Fest er ein årleg weekendfestival i Decorah i Iowa som feirar tradisjonelle skikkar og kultur frå dei skandinaviske landa,[1] særleg Noreg. Hendinga finn alltid stad den siste helga i juli og tiltrekkjer seg ofte ein folkemasse på mellom 50 000 og 75 000.[2]

Decorah sentrum

Sidan oppstarten i 1967 har Nordic Fest vakse fram frå Luther College Womens Club si årlege feiring av den norske grunnlovsdagen 17. mai. Kvart år steller innbyggjarane i Decorah i stand ei feiring av kulturarva sin som trekkjer til seg folk til fjella i Nordaust-Iowa og tener som ein heimkomst for norsk-amerikanarar frå mange statar.[3]

Frå starten har heile samfunnet vorte engasjert i Nordic Fest gjennom lag som Decorah Nordic Dancers. Utvalde dansarar startar i tredje klasse og underheld på Nordic Fest og andre festivalar gjennom high school-åra, noko som inneber ei forplikting over ti år. Nordic Fest er kjenneteikna av tradisjonell mat, show, kunst og handverk, musikalsk underhaldning og forteljarkunst. Demonstrasjonar inkluderer knivlaging, rosemåling, veving og treskjering, saman med andre norske folkekunstar. Det finn stad eit elveløp og ein stor parade med innslag av bunader.[4]

Mange av aktivitetane til den norske festen skjer på Luther College og Vesterheim Norwegian-American Museum. Norske immigrantar i Decorah valde tidleg at dei ville verna den gamle kulturen. I 1861 skipa dei Luther College, og i 1877 starta dei museet Vesterheim. Internatet på Luther College innlosjerer mange av dei vitjande til Nordic Fest. Vesterheim sørgjer for utstillingar med skandinavisk kunst i Hauge Gallery på Westby-Torgerson Education Center.[5]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Nordic Fest | A Scandinavian Festival in Decorah, Iowa». Henta 21. oktober 2018. «Nordic Fest is an annual celebration of Scandinavian heritage, culture, and food.» 
  2. «Nordic Fest a celebration for Decorah». KWWL News. Arkivert frå originalen 14. februar 2012. 
  3. «News of Norway».  [daud lenkje]
  4. Nordmanns-Forbundet http://www.norseman.no/organizations/?id=1130[daud lenkje]
  5. Norwegian American Foundation «Decorah's 42nd Annual Nordic Fest». Arkivert frå originalen 14. juli 2011. Henta 23. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff endre