Nordiske motstandsrørsla
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Nordiske motstandsrørsla, forkorta NMR, er ein nordisk nasjonalsosialistisk organisasjon og parti som gjennom revolusjon[1] vil «skapa ein nordisk nasjonalsosialistisk republikk beståande av dei nordiske landa Sverige, Finland, Noreg, Danmark, Island og eventuelt òg dei baltiske landa».[2][3]
Nordiske motstandsrørsla | |
![]() | |
Ideologi | nasjonalsosialisme |
---|---|
Oppretta | 1997 |
Farge | grøn |
Partileiar | Simon Lindberg |
Nettstad | www.nordfront.se |
Nordiske motstandsrørsla inkluderer: Den finske motstandsrørsla (Suomen Vastarintaliike[4]), Den norske motstandsrørsla[5], Den svenske motstandsrørsla (Svenska motståndsrörelsen[6]) og Den danske motstandsrørsla (Den Dansken Modstandsbevægelse[7]).[3]
Organisasjonen er lukka og har strenge hierarki og disiplin.[8] Leiaren til organisasjonen er Simon Lindberg, medan det øvrige styrte, ledningsrådet i Sverige, består av Emil Hagberg (internasjonal talsmann som òg er samordnar for regionale «redessjefer», Fredrik Vejdeland (politisk strateg og sjefredaktør for nettavisa til organisasjonen Nordfront) og Pär Öberg (leiar for det politiske partiet som er danna innanfor ramen av organisasjonen).[9]
I oktober 2014 vart det annonsert at den svenske avdelinga av organisasjonen kom til å danna eit politisk parti. Dette representerer ei parlamentarisk fløy innanfor den større organisasjonen og leiaren for han er Pär Öberg.[10] Lanseringen skjedde den 5. september 2015.[11]
HistorieEndra
I midten av 1990-talet hadde ei mengd av tidlegare medlemmar i VAM (Kvit Arisk Motstand) avtent fengselsstraffene sine, og det bana veg til grunnlegging av den svenske motstandsrørsla.[12] I desember 1997 vart han grunnlagt av tilsette i den nazistiske avisa Folktribunen saman med personar frå Nationell Ungdom og den tidlegare VAM.[12]
I året 2003 vart SMR forenet med Den norske motstandsrørsla, etter det vart organisasjonen litt meir militant i retorikken sin. I 2006 vart ungdomsorganisasjonen Nationell Ungdom oppløyst.[12] Den norske motstandsrørsla vart òg oppløyst etter nokre år, men oppstod igjen rundt 2010. Den finske motstandsrørsla vart danna sannsynlegvis rundt 2006-2007, og i 2013 vart Den danske motstandsrørsla grunnlagt. Idag finst det altså fire avdelingar i Sverige, Noreg, Finland og Danmark, som saman utgjer Den nordiske motstandsrørsla.
IdeologiEndra
Den svenske motstandsrørsla vedkjenner seg seg til det nasjonalistiske verdsbiletet.[13][14][15] Ifølgje Säkerhetspolisen har organisasjonen som mål å etablera eit totalitær regime gjennom revolusjon.[16] Organisasjonen sjølv skildrar målet sitt annleis: «Til trass att Motstandsrørsla streber etter å skapa ein stat med autoritær lederskap er det òg målet vårt å utvikla og forsikra fridomen og demokratiet. Den nordiske nasjonalsosialistiske republikken kjem til å vera ein leiarstat, men det kjem òg til å vera eit folkedemokrati.»[2][17]
Organisasjonen er open med at det vert kravt ein kamp som kjem til å krevja blodsutgytelse:[18]
«Ingen kan gå med i Motstandsrørsla om han ikkje kan eller er førebudd å forsvara med vald seg sjølv, organisasjonen sin eller kameratane sine... Sveklingar eller feigingar har ingen plass hos oss. Ingen skal kunna unngå den mannlege plikta si».
Organisasjon og aktivismeEndra
OrganisasjonEndra
Landet er delt i geografiske soner, som NMR kallar for «nästen» («reien»). Rederne vert styrt av ein operativ sjef, som vert for kalla «nästeschef» («reiessjef»).[19]
AktivismeEndra
Verksemda til motstandsrørsla består delvis av innadrettet, delvis av utadrettet verksemd. Den interne verksemda inkluderer blant anna obligatorisk kampsportstrening, friluftsaktiviteter og ideologisk trening.
Den utadrettede aktivismen består blant anna av regelmessige torgmøte, demonstrasjonar, avissal, flygeblad-utdelinger, oppklistring av plakatar, klistremerker og banner.
Motstandsrørsla driv med verksemda si ope, opptrer mot anonymitet og framhevar viktigheita av å stå for meiningane sine.[20][21]
Den svensken Säkerhetspolisens meining om SMREndra
Den svenske motstandsrørsla er nazistgruppa som Säkerhetspolisen bedømmer å vera den største trusselen mot Sveriges indre tryggleik.[22] Organisasjonen vert bedømt å spela hovudrolla i det som Säkerhetspolisen kallar for kvit makt-miljøet.[16] SMR vert set på som ein hierarkisk organisasjon med tydelege militære trekk. Säkerhetspolisen meiner at det har skjedd at medlemmar vart utsett for disiplinære tiltak når dei har begått eit lovbrot eller oppført seg på ein måte ikkje overeinsstemmande med SMRs ideologi.[16][23]
ReferansarEndra
- ↑ «Och först i det allra sista slutskedet av revolutionen kommer vi att gå från att vara den lilla starka gruppen till att vara de många då de flesta plötsligt står på vår sida».
- ↑ 2,0 2,1 Framtidens styre, arkivert frå originalen 2010-07-22, henta 22. juli 2010
- ↑ 3,0 3,1 [http://svenska.yle.fi/nyheter/sok.php?id=192047&lookfor=&sokvariant=arkivet&advanced=yes&antal=10[død lenke] http://svenska.yle.fi/nyheter/sok.php?id=192047&lookfor=&sokvariant=arkivet&advanced=yes&antal=10] Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «svenska.yle.fi» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2016-03-31, henta 31. mars 2016
- ↑ https://www.frihetskamp.net//
- ↑ http://nordfront.se/
- ↑ http://www.nordfront.dk/
- ↑ Våldsam politisk extremism (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2011-11-16, henta 16. november 2011
- ↑ [1]
- ↑ Klas Lund.
- ↑ [2]
- ↑ 12,0 12,1 12,2 «Fakta Sv. Motståndsrörelsen/Nationell Ungdom» Arkivert 2007-10-17 ved Wayback Machine..
- ↑ «Svensk nazism 1945-1995» Arkivert 2010-07-01 ved Wayback Machine..
- ↑ «Nazister dömda för flera grova våldsbrott».
- ↑ Forum för levande historia, arkivert frå originalen 2010-08-23, henta 23. august 2010
- ↑ 16,0 16,1 16,2 «Våldsam politisk extremism - Rapport 2009:15».
- ↑ «Extremister hot mot individer».
- ↑ «Exklusiv intervju med första avhopparen från nazistgruppen Svenska motståndsrörelsen» Arkivert 2009-06-27 ved Wayback Machine..
- ↑ «https://www.nordfront.se/motstandsrorelsen-rekryterar.smr».
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2015-04-27, henta 31. mars 2016
- ↑ «Anonymitet och hets».
- ↑ «Adaktusson fortsätter granskningen av nazisterna i Svenska motståndsrörelsen».
- ↑ «Våldsam politisk extremism, Rapport 2009.15».