Nordkapp kommune
Nordkapp (nordsamisk Davvinjárgga gielda, kvensk Kappan komuuni) er ein kommune i Finnmark fylke. Han grensar i sørvest mot Måsøy, i sør mot Porsanger, og i søraust mot Lebesby kommune. Størsteparten av kommunen ligg på Magerøya, men han omfattar også delar av fastlandet på aust og vestsida av Porsangerfjorden. Kommunen heitte Kjelvik kommune fram til 1950.
Nordkapp kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Honningsvåg | ||
Areal | 925 km² | ||
• land | 892 km² | ||
• vatn | 33 km² | ||
Folketal | 2 951 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Jan Morten Hansen (Ap) | ||
Kommunenr. | 5620 | ||
Nordkapp kommune 70°58′41″N 25°58′29″E / 70.978080555556°N 25.974730555556°E | |||
Kart som viser Nordkapp kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Nordkapp | |||
Nettstad: www.nordkapp.kommune.no |
Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur i Honningsvåg, ein annan tettstad er Nordvågen. Andre busetnader er Kamøyvær, Skarsvåg og Gjesvær.
Det kommunen er mest kjend for og som namnet kjem frå er Nordkapp, ei 307 meter høg klippe som vanlegvis er omtala som det nordlegaste punktet av Europa. Årleg er det rundt 200 000 besøkjande turistar i løpet av sommaren. Knivskjellodden vest for Nordkapp ligg faktisk omtrent 1500 meter lengre nord, men dit er det ikkje bilveg. Nordkapp vart fyrst namngjeten da den engelske oppdagaren Richard Chancellor runda klippa i 1553 under eit forsøk på å finne ei sjørute gjennom nordaustpassasjen.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for Kjelvik/Nordkapp kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3134a | 3855a | 3528a | 4448a | 5310a | 5161a | 4640a | 3986 | 3505 | 3185 |
- a Dette talet omfattar ikkje eit område som vart overført frå Måsøy kommune til Nordkapp kommune i 1984. Dette området hadde då 240 innbyggjarar.
Tettstader i kommunen
endre- Honningsvåg - 2 245 innbyggjarar per 1. januar 2023
- Nordvågen - 392 innbyggjarar per 1. januar 2023
Kjende personar født i Nordkapp kommune
endre- Isaac Olsen (d. 1739), lærar og skribent
- Idar Kristiansen (1932–1985) , forfattar (Honningsvåg)
- Gunnar Stålsett, tidlegare biskop i Oslo bispedømme og politikar (Sp)