Nordkjosbotn videregående skole / Gárgána joatkkaskuvla

Nordkjosbotn videregående skole / Gárgána joatkkaskuvla er ein vidaregåande skole i Nordkjosbotn i Balsfjord kommune i Troms. Troms fylkeskommune står som drivar og eigar av skolen. Skolen har hovudsakleg elevar frå Balsfjord, Storfjord og Lyngen, men også elevar frå både Finnmark og Nordland, spesielt gjeld dette VG2 og VG3 automatisering.

Skolen blei starta opp i 1983 med mekaniske fag. Heile skolen stod klar til bruk hausten 1985, og hadde da følgjande studieretningar:

  • AF (allmennfag)
  • HK (handel og kontor)
  • HH (hushaldningsfag)
  • HI (handverk og industri)

Fagtilbod endre

Skolen har i dag følgjande fagtilbod:

  • VG1, VG2 og VG3 studiespesialisering
  • VG1 Helse- og oppvekstfag
  • VG2 Helsearbeidarfag
  • VG1 Teknikk og industriell produksjon
  • VG1 Elektrofag
  • VG2 og VG3 Automatisering

I tillegg har skolen tilrettelagt undervisning for funksjonshemma elevar.

Skolen har i dag eit lite hybelhus like i nærleiken for elevar som bur langt unna skolen.

Skolens hovudmål endre

Nordkjosbotn videregående skole ønsker å vere ein ressurs for vidaregåande opplæring i kommunane Balsfjord, Storfjord og Lyngen. Skolen sitt mål er gode faglege resultat og høg kvalitet på alt arbeid. For å oppnå dette satsar vi på ansvarsavklaring, samarbeid, trivsel og tryggleik.

Bakgrunnsstoff endre