Nordlege e-mål
Nordlege e-mål er dei nordlege målføra av vestnorsk som har endinga -e i dei fleste infinitivsformene og i ubunden form eintal av svake hokjønsord. Nordlege e-mål blir tala i Sogn og Fjordane fylke med unntak av Midtre og Indre Sogn og i Møre og Romsdal fylke med unntak av Nordmøre.
Særtrekk ved nordlege e-mål
endreInndeling av nordlege e-mål
endreTil dei nordlege e-måla høyrer først og fremst sunnfjordsmålet, nordfjordsmålet og sunnmørsdialekten, og i tillegg målføret i den ytste delen av Sogn. Romsdalsdialekten blir oftast òg medrekna til dei nordlege e-måla, men utgjer elles ei overgangsform til trøndermål og midlandsmål.
Ytre Sogn
endreSunnfjord
endreSjå nøyare utgreiing under sunnfjordsmål.
Les òg om Jølstramålet.
Nordfjord
endreSjå nøyare utgreiing under nordfjordmål.
Sunnmøre
endreSjå nøyare utgreiing under sunnmørsmål.
Romsdal
endreRomsdalsmålet blir, som nemnt ovanfor, oftast rekna til dei nordlege e-måla, men skil seg ut frå resten av dei på mange vis — slik som tjukk l for l i somme stillingar (men ikkje for rd) og utbreidd monoftongering av historiske diftongar, både ei- og øy-diftongar, som begge nærmar seg ein slags æ-lyd i uttale. Dette gjeld bygdemåla, ikkje Moldedialekten, som har klare ei-tvelydar i ord som heil, meir og veit, men òg klare monoftongar i staden for øy i ord som høre, kjøre og drømme. Sjå nøyare utgreiing under romsdalsdialekt. (I nordmørske bygdemål finn vi elles ei monoftongeringa av ei, men til ein litt breiare æ enn i romsdalsmåla, medan øy-diftongen liksom i Moldedialekten er erstatta av rein ø-lyd i ord som høre, osv.)