Nordsjøflaumen i 1953

Nordsjøflaumen i 1953 eller Watersnood van 1953 var ein kombinasjon av stormflod og ein sterk storm frå nordvest som råka kysten av Nederland, England, Belgia, Frankrike og Danmark natta mellom 31. januar og 1. februar 1953. Totalt døydde 2385 menneske, 1836 i Nederland, 18 i Vest-Flandern i Belgia, 307 i England og 224 på sjøen då fleire trålarar og ferja MV «Princess Victoria» gjekk ned med 133 menneske. Princess Victoria sokk i North Channel mellom Skottland og Nord-Irland.

Råka område i Sør-Nederland (lys-blått)
«Een dubbeltje op zijn kant» - på knivseggen. Minnesmerke ved Nieuwerkerk.

Stormen frå nordvest hadde vind opp i 97 km/t (full storm) med vindkast opp mot 144 km/t, og gjorde saman med springfloda at vatnet i Nordsjøen klokka 3:24 nådde ein rekordhøgd på 4,55 m over NAP ved Vlissingen.

Utvikling endre

Dato Tid Hending Trykk
30. januar Morgentimane Eit lite lågtrykk sør for Island utviklar seg raskt og flyttar seg austover, bak dette ligg eit stormfelt 996 hPa
30. januar 18.00 Lågtrykket ligg ved Færøyane 980 hPa
31. januar 10.00 Nederland vert varsla om stormflod, men ikkje samordna med Storbritannia  
31. januar 11.30 England (Dunstable) sender ut åtvaring om uvanleg sterk vind  
31. januar 12.00 Lågtrykket ligg over Nordsjøen 968 hPa
31. januar 13.45 MV «Princess Victoria» går ned aust for Belfast, 133 mistar livet  
31. januar 17.00 Over seks meter høge bølgjer i Lincolnshire  
1. februar 12.00 Lågtrykket har flytta seg til Nord-Tyskland 984 hPa

Storbritannia endre

307 menneske mista livet i dei engelske countiane Lincolnshire, Norfolk, Suffolk og Essex. Nesten 100 000 ha vart sett under vatn. Skadane vart seinare rekna til meir enn 5 milliardar av dagens (2006) pund.

Varslinga av uvêret var dårleg, dei sørlege countiane vart ikkje varsla før det var for seint. Sjølv om det eksisterte naudplanar, var det umogeleg å utføre evakuering i stor stil, sidan stormen hadde rasert mange telefonlinjer.

Som følgje av denne stormen vart ein av dei største planane for bygging og forsterking av eit vernesystem mot oversvømmingar ved stormar og høgvatn starta av Anthony Eden si regjering. Vidare vart ei døgnkontinuerleg varslingsteneste for springflod sett opp i samarbeid med MetOffice.

Nederland endre

I Noord-Holland vart bere ein polder oversvømd, medan provinsane Zeeland, Zuid-Holland og Noord-Brabant var hardast råka. 1 365 km², eit område litt mindre enn Vestfold vart sett under vatn. Fleire dike tolte ikkje påkjenninga stormfloda og stormen utsette dei for. Totalt vart det slått nitti større og fem hundre mindre brestar i dika. Lange stykke av dika vart skylt bort og totalt 200 000 ha åkerland, 9 % av all dyrka mark i Nederland, vart sett under salt sjøvatn. Dette gjorde jorda ufruktbar for lengre tid. Vidare vart 72 000 menneske evakuert og 36 500 kyr, grisar, hestar og sauer og 165 000 fjørfe drukna. Rundt 3 000 bustader og 300 gardar vart heilt øydelagt, medan 40 000 bustader og 3 000 gardar vart skadd. Mange nederlendingar minner framleis dei som døydde under flaumen 1. februar.

I 1953-54 vart skadane estimert til 900 millionar gylden. Ein av etterverknadane som flaumen fekk, var at planane om å verne delar av den nederlandske kysten med barrièrar, demningar og sluser skaut fart. Desse planane fekk namnet Deltaprosjektet.

Årsaker endre

I 1953 var det ingen radiostasjonar som sendte program om natta, så sjølv om KNMI varsla fort, kunne ikkje menneska i dei råka områda få meldingar i tide. Dette førte til at innbyggjarane ikkje hadde sjanse til å gjere seg klar til stormfloda. Dessutan var mange av dei mindre meteorologiske stasjonane stengde. Noko som gjorde problema enno verre av det skjedde natt til ein søndag, på eit tidspunkt då mange stasjonar var ubemanna. Stormen tok telefon- og telegrafnettverket, og innan få timar hadde radioamatørar gått inn i det råka området og sett opp eit naudradionettverk på frivillig basis. Radioamatørane jobba i ti dagar og netter, og var dei einaste som klarte å halde kontakten med omverda.

Vidare var mange av dikA i elva Schelde sitt elvedelta for låge og svake. Rijkswaterstaat kjende til dette problemet så tidleg som på 1920-talet, og heldt på å utarbeide planar for bygging av demningar for å stenge Nordsjøen ute frå deltaet. Staten valde å byrje med bygginga av Afsluitdijk (1932). Først etter kriseåra og den andre verdskrigen vart dei første delane av planen for Sør-Nederland starta: Botlek, Brielse Maas (1950) og Braakman (1952) vart demd opp. «Tre-øy-planen» (ned.: Drie Eilandenplan) skulle vore neste skritt, men så oppstod stormfloda.

31. januar 1953 oppstod springfloda saman med ein storm frå nordvest. Springfloda sørgde som vanleg for at mykje havvatn strøymde inn i Nordsjøen. Stormen sørgde for eit rekordhøgt vassnivå og hindra vatnet i å strøyme tilbake då det vart fjøre, slik at vasstanden vart verande høg og neste flod forsterka den førre. I den sørlege delen av Nordsjøen nådde vasstanden rekordhøgd og alt vatnet trengde ein utveg.

Omfang endre

Flaumen råka øyane Schouwen-Duiveland, Tholen, Sint-Philipsland og Goeree-Overflakkee, og områda Hoeksche Waard, Voorne-Putten og Alblasserwaard hardast. Delar av Zuid-Beveland, Noord-Beveland, IJsselmonde, Pernis, Rozenburg, Walcheren og Land van Altena vart òg råka og dessutan delar av områda rundt Willemstad, Nieuw-Vossemeer og delar av Zeeuws-Vlaanderen. Ved Cadzand i Zeeuws-Vlaanderen slo vatnet over diket, og i Kruiningen strøymde det inn via ein open gjennomgang i ferjehamna. Ferjehamna vart feid bort, og i løpet av kort tid stod Kruiningerpolder (1400 ha) under vatn. På øyane Schouwen-Duiveland og Goeree-Overflakkee gjekk flest liv tapt. På Texel, ei av Dei vestfrisiske øyane, omkom seks personar. Ein av desse var på veg for å varsle andre om flaumen.

I Zuid-Holland strøymde vatnet inn nord for Dordrecht, og i Rotterdam melde ein at vasstanden hadde nådd eit rekordnivå. Delar av det sørlege Rotterdam, på øya IJsselmonde, vart sett under vatn då vatnet gjekk over kaiane. Der drukna ein person som budde i ein kjellarleiligheit medan han sov. Alt som skilde tre millionar menneske i området mellom Rotterdam og Leiden frå flaumen var eit dike kalla Schielandse Hoge Zeedijk ved elva Hollandse IJssel. Ein del av dette diket, Groenendijk, hadde ikkje vorte forsterka med steinsetting. Vatnet stod akkurat under toppen av det, og skråninga på sjøsida var svak. Frivillige hadde sett i gang å forsterke denne delen, men diket kollapsa under trykket frå alt vatnet rundt 5:30 1. februar.

Dette gav sjøvatnet fritt leide inn i den djupe polderen, og i rein desperasjon gav Nieuwerkerk sin ordførar ordre om at elvebåten «de Twee Gebroeders» (de to brørne) skulle strandast i bresjen som hadde vorte slått i diket. Slik håpa han å få tetta diket og verne polderen. Kapteinen på skipet, Arie Evegroen, var redd for at skipet skulle bryte igjennom resten av diket og falle inn i polderen. For å kunne redde seg unna om dette skjedde, tok han med seg ein robåt. Ordføraren sin plan virka og skipet køyrte seg godt fast i diket og redda på den måten mange liv.

I Stellendam på øya Goedereede nådde vatnet opp til lofta i husa. På øya Rozenburg ved Rotterdam hadde vatnet brote gjennom dika. Byane Veere og Middelburg og fleire andre område på Walcheren stod under vann. På Zuid-Beveland hadde diket brote saman ved Wolphaartsdijk og Rilland-Bath var isolert frå omverda. StavenisseTholen vart sett under vatn, og var ein av de hardast råka landsbyane. Ved Ossenisse i Zeeuws-Vlaanderen hadde dika brote saman. I Zuid-Holland forsvann landsbyane Tiengemeten og Ooltgensplaat under vatn for godt.

For å undersøke skadane flaumen hadde ført til oppretta den nederlandske staten «Delta-kommisjonen». Tala i denne artikkelen kjem frå deira utrekningar.

Radioreportasjar endre

I heile Nederland sat folk som klistra til radioapparata for å få vite korleis det stod til i områda som hadde vorte råka. Reportasjane vart laga i utkanten av katastrofeområdet, det var ikkje mogeleg å reise inn i det på grunn av mangel på transport og øydelagd vegnett. Berre der (i utkanten av katastrofeområdet) var telefonisk kontakt med Hilversum (Nederland sitt svar på Marienlyst) mogeleg.

Hjelp endre

Det vart ytt både sivil og militær hjelp til dei råka områda, fleire av Nederland sine naboland sende soldatar for å hjelpe til med leite- og redningsaksjonar. Frå Tyskland sende U.S. Army helikopter for å hjelpe til å evakuere menneske frå taka medan Frankrike sende troppar frå ingeniørvåpenet. Andre land som bidrog var Tyskland, Belgia og Storbritannia.

Prinsesse Wilhelmina, dronning Juliana, prins Bernhard og prinsesse Beatrix vitja kriseområdet så snart det var mogeleg. Eit stortstilt hjelpeprogram vart sett i gang, støtta av radioen. Eit nasjonalt program for pengegåver vart etablert, og landet fekk mykje internasjonal støtte. På politisk plan sørgde katastrofen for at planar om vern av kysten og forsterking av dika vart påbegynt. Etter kvart førte dette til Deltaprosjektet, eit enormt prosjekt som mellom anna gjorde at av dei fleste estuara vart lukka.

Innsamlingsaksjon

Ein stor, landsdekkande hjelpeaksjon med støtte av radioen vart oppretta. Johan Bodegraven, ein kjend programleiar, vart kjend for det særs suksessfulle slagordet som høyrde til den første store innsamlingsaksjonen: Beurzen open, dijken dicht (opp med pengepungen, tett dika). Nederland fekk både lokal, nasjonal og internasjonal hjelp. Totalt vart rundt 62,62 millionar euro (138 millionar gylden i valutaen den gong) samla inn til dei som var råka av katastrofen. Nederland fekk òg hjelp i form av klede, utstyr til hus og heim, lintøy og mat frå fleire land over heile verda. Raude Kross fekk så mykje at dei etter ei stund ikkje visste kor dei skulle gje det bort, og ein del av desse varene vart gjeve til andre kriseområde eller land i den tredje verda. Gjenoppbygginga tok til alt i 1953, dei nordiske landa leverte det meste av byggemateriala og dessutan ferdighus. I Zeeland finst framleis hus med svensk, norsk, dansk eller finsk stil.

Deltaprosjektet endre

Katastrofen førte til fortgang i den politiske prosessen rundt utbetring av dika og sikring mot flaum. Deltaprosjektet som omfatta stenging av nokre fjordarmar såg dagens lys. Dette prosjektet, saman med gjenoppbygginga av hus og infrastruktur gav Zeeland mange arbeidsplassar. Dessutan hadde innsamlingsaksjonen for katastrofeofra gjeve så mykje pengar, at mange av ofra fekk det finansielt betre etter katastrofen enn før. Dette gjorde at provinsen Zeeland gjekk inn i ein blomstringsperiode som gav eit sprang framover på fleire titals år i løpet av få år. Eit nokså kynisk utsegn som ofte vart høyrt i Zeeland i tida etter flaumen var «Heere, geef ons dagelijks ons brood en elke vijf jaar een watersnood» (no.: «Herre gjev oss vårt daglege brød og ein flaum kvart femte år»).

Historieskriving endre

De watersnood van 1953 har fått ein viktig plass i nederlandsk historie, og leverte eit viktig bidrag til forminga av ein nederlandsk identitet i tiår etter katastrofen. Selma Leydesdorff gjorde ei undersøking rundt katastrofen basert på muntlege kjelder. Ho prøvde å halde seg på eit regionalt nivå slik at innbyggjarane som vart råka, sjølv kunne fortelje. Resultatet av denne, i nederlandsk samanheng, sjeldne undersøkinga vart presentert i boka Het water en de herinnering (1993) (no.: Vatnet og erindringa).

Mellom intervjua som vart teke med i denne boka, er det trekt linjer mellom kvar enkelt sine eigne minner, og Leydesdorff har undersøkt korleis minna kjem overeins. Det ho fann var at ein del av minna er kollektive, bunde til regionale hendingar og omstende.

Forteljarane har prøvd å plassere dei i ein nasjonal samanheng, utan at dei fekk til dette. Dei kjenner seg ikkje igjen i verken Deltaprosjektet eller Zeeland sitt motto luctor et emergo (Latin for «eg kjempar og overvinner»). Dei er stolte av begge, men dei har ein annan tankegang. Tankane følgde sporet vatn, sorg, nesten drukna, redning, tryggleik.

På nasjonalt nivå er dette eit anna: Nederlandsk identitet, gjenoppbygging, kontroll over naturen og teknologisk fornying. I denne rekka var personleg liding og angst mindre viktig. Etter den felles delen i intervjua, følgjer ei historie som skildrar sorga deira, sorgreaksjonar og tilbakevending til ramponerte område.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre