Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd eller Norges forskningsråd er eit norsk statleg forvaltingsorgan oppretta av regjeringa. Det har ansvar for å finansiera, fremja og marknadsføra norsk forsking. Rådet forvaltar forskningsmiddel og gjev råd til styresmaktene innan forskingspolitikk, mellom anna gjennom forslag til forskingsbudsjett[2] i statsbudsjettet. Andre oppgåver er å fungera som møteplass mellom forskarar, næringsliv, dei som bruker og dei som finansierer forsking. Forskingsrådet bidreg også til å gjera norsk forsking meir internasjonalt orientert, gjennom forskingssamarbeid og gjennom deltaking i EU sine forskingsprogram.[3]

Norges forskningsråd

TypeForvaltingsorgan
Org.nummer970141669
Skipa1993[1]
HovudkontorDrammensvn. 288
Adm.dir.Mari Sundli Tveit
VerkeområdeNoreg
FokusForsking
Omsetjing2 629 975 euro (2019) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar0 euro (2019) Sjå dette på Wikidata
Tilsette360
EigarskapKunnskapsdepartementet
Nettstadhttps://www.forskningsradet.no/ Sjå dette på Wikidata

Organisasjon

endre

Forskningsrådet er underlagt Kunnskapsdepartementet. Saman med Nærings- og handelsdepartementet står dei to departementa bak halvparten av midla til rådet. Totalt forvaltar Noregs forskingsråd eit budsjett på 11,7 milliardar kroner (i 2022).[4]

Forskingsformidling

endre

Forskningsrådet skipa i 2002 den uavhengige nettavisa Forskning.no. Nettavisa syndikerer artiklar frå formidlingsmagasina til norske universitet og forskingsinstitusjonar.

Rådet oppretta også Forskingsdagane, ein nasjonal, årleg festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar viser fram verksemda si for allmugen.

Nysgjerrigper er Forskingsrådet sitt tilbod til barn og unge. Proscientia[5] er tiltaket deira for å auka interessa for forsking og vitskap blant ungdom. Proscientia organiserer mellom anna Konkurransen Unge Forskere.

Forskingsrådet sine prisar

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Norges forskningsråds endringshistorie, arkivert frå originalen 8. mars 2017, henta 7. mars 2017 
  2. Innspill til forskningsbudsjett for 2018 Arkivert 2016-11-23 ved Wayback Machine. Norges forskningsråd
  3. Om Noregs forskingsråd, henta 7. mars 2017 
  4. «Årsrapport». www.forskningsradet.no. Henta 8. september 2022. 
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. september 2020, henta 7. mars 2017 
  6. Vedtekter for prisen, som ble opprettet i 2016, arkivert frå originalen 5. april 2016, henta 7. mars 2017 

Bakgrunnsstoff

endre