Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er ein norsk statleg etat underlagt Olje- og energidepartementet. NVE har ansvar for å forvalte vass- og energiressursane i Noreg. NVE varetek også dei statlege forvaltingsoppgåvene innanfor skredførebygging.

NVEs oppgåverEndra

NVE har ansvar for å:

  • sikre ei samla og miljøvenleg forvalting av vassdraga
  • fremje ein effektiv kraftomsetnad, kostnadseffektive energisystem
  • bidra til ein effektiv energibruk
  • gjere samfunnet betre rusta til å handtere flaum- og skredfare
  • ha ei sentral rolle i beredskapen for ras, flaum og ulykker i vassdraga
  • leie den nasjonale beredskapen på kraftforsyning
  • behandle søknader om konsesjon for bygging av kraftstasjonar, kraftlinjer, transformatorar og andre installasjonar i kraftforsyninga, og regulering av vassdrag.
  • arbeide både med endringar som bidreg til å redusere klimagassutsleppa og til å tilpasse samfunnet til klimaendringane

I tillegg er NVE engasjert i forskings- og utviklingsarbeid, internasjonalt utviklingsarbeid og er nasjonal faginstitusjon for hydrologi.


Direktoratet blei skipa i 1921.[1] Noverande vassdrags- og energidirektør er Kjetil Lund (2019). Han overtok etter Per Sanderud (2011–2019) og før dette var Agnar Aas direktør.

Reguleringsmyndigheita for energi (RME)Endra

RME[2], tidlegare ei avdeling i NVE, elmarknadstilsynet, er no nasjonal reguleringsmyndigheit for kraftmarknad og nettsystem i Noreg. RME er frå 1. november 2019 ei eiga eining, utpeika av OED. RME skal utføre oppgåvene som uavhengig reguleringsmyndigheit for elektrisitets- og gassmarknaden, og ha ansvaret for effektiv regulering av kraftnettselskapa, føre tilsyn med at kraftmarknaden er velfungerande og skal ta hand om straumbrukarane sine interesser.


KjelderEndra

  1. «Om NVE», nve.no
  2. «Reguleringsmyndigheten», www.nve.no, henta 24. november 2019 

BakgrunnsstoffEndra