Norilsk
Norilsk Норильск | ||
---|---|---|
![]() |
![]() | |
Flagget til Norilsk | Byvåpenet til Norilsk |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Krasnojarsk kraj | |
Grunnlagd Bystatus |
1935 1953 | |
Borgarmeister | Sergej Sjmakov | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
4 500 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
209 300 46,5 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 90 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
KRAT (UTC+7) KRAST (UTC+8) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 6633xx | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)3919 | |
Nettstad: norilsk.net |
Norilsk (russisk skrift Норильск) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 210 000 innbyggjarar (2007). Han er den nordlegaste byen i verda med meir enn 100 000 innbyggjarar. Byen har òg ein av dei største førekomstane av nikkel i verda og vart grunnlagd i 1935.
MMC Norilsk Nikel er eigarane av nikkelførekomstane, og ei hjørnesteinsbedrift i byen. Dette er det same firmaet som eig smelteverket i Nikel ved grensa til Noreg. På grunn av at malmen frå Norilskgruvene er særs urein, har dette ført til at byen er rekna som ein av dei mest forureina i verda.[1] I følgje enkelte estimat kan så mykje som 1 % av all utslepp av svoveldioksid kome frå denne byen. Jordsmonnet ved byen er så forureina at det er økonomisk forsvarleg å vinne ut førekomstane av platina og palladium frå jorda.[2]
Norilsk er ein lukka by for utlendingar (bortsett frå kviterussarar).
KjelderEndra
- ↑ «World's Worst Polluted Places 2007». The Blacksmith Institute.
- ↑ Andrew E. Kramer (12. juli 2007). «For One Business, Polluted Clouds Have Silvery Linings». The New York Times. (krever innlogging).
BakgrunnsstoffEndra
- MMC Norilsk Nickel Arkivert 2013-06-03 ved Wayback Machine. (engelsk)