Norovirus
Bilete av noro-virus gjennom elektronmikroskop
Bilete av noro-virus gjennom elektronmikroskop
Systematikk
Rike: Orthornavirae
Rekkje: Pisuviricota
Klasse: Pisoniviricetes
Orden: Picornavirales
Familie: Caliciviridae
Slekt: Norovirus

Noro-virus er ei slekt av RNA-virus i familien Caliciviridae. Viruset står bak omtrent 50 % av alle epidemiske gastroenteritlidingar (mage-tarmkatarr, magesmerter og oppkasting) i verda.[1] Det er den viktigaste gruppa med virus som er assosiert med denne tilstanden. Det tek 12-48 timar frå ein vert smitta til ein vert sjuk.

Viruset er smittsamt, og sjukdomen kjem difor ofte i små utbrot, særleg på institusjonar og oftast om vinteren. Ein vert smitta ved at ein kjem i kontakt med mat eller vatn som inneheld viruset. Denne maten/vatnet har då vorte handsama av ein person som har hatt smitten, eller vore skylt med kontaminert vatn. Viruset er òg luftbore, og kan overførast ved til dømes hoste. Ein sjuk person er smittefarlig så lenge han eller ho har symptom på sjukdomen. Størst er smittefaren etter 2-3 dagar med symptom.[treng kjelde]

Symptom endre

Viruset gjev klassiske omgangssjuke-symptom: kvalme, oppkast, vondt i magen, smerter i musklane, diaré og feber. Dersom du vil ha ein heilt sikker diagnose må legen din senda inn ei avføringsprøve seinast tre døgn etter at at du har vorte sjuk. Dei fleste tilfella i Noreg vert likevel diagnostisert etter kva pasienten fortel, og ikkje etter ein avføringsprøve.

Referansar endre

  1. «Norovirus: Technical Fact Sheet». , CDC.