Dansk-norsk

(Omdirigert frå Norsk-dansk)

Dansk-norsk, norsk-dansk eller «danna daglegtale» er eit koinéspråk som oppstod blant eliten i Christiania mot slutten av dansketida. I dag finn me det igjen som såkalla standard austnorsk og i ei meir tradisjonell form som sosiolekten knytt til Oslo Vest. Dansk-norsk talemål kan skildrast som dansk med austnorsk uttale, noko særnorsk ordtilfang, fornorska syntaks og noko forenkla morfologi.

Dansk-norsk
standard østnorsk, bokmål, riksmål, norsk
Klassifisering Indo-europeisk
 Germansk
  Nordisk
   Fastlandsnordisk
Bruk
Tala i Noreg
Område Noreg
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem Latinsk (norsk variant)
Offisiell status
Offisielt språk i Noreg
Normert av Norsk språkråd og Det Norske Akademi
Språkkodar
ISO 639-1 nb (bokmål)
no (norsk)
ISO 639-2 nob (bokmål)
nor (norsk)

Denne artikkelen fokuserer på talemålet. For skriftspråket sjå artikkelen om bokmål.

Historie

endre

Koiniseringa tok til med at vikværsktalande nordmenn byrja å lempa på talemålet i dansk lei på 1600-talet. Utetter 1700-talet fekk koinéspråket ei fastare form, og innan frigjeringa frå Danmark i 1814 hadde somme fått den «danna daglegtala» som morsmål. Utetter 1800-talet vart det stadig meir utbreidd.

Attåt daglegtala fanst òg høgtidsmålet, dvs. nordmenns leseuttale av Dansk, såkalla klokkardansk. På byrjinga av 1800-talet vann høgtidsmålet fram på kostnad av daglegtala, medan i siste helvta av 1800-talet vann daglegtala fram. Til gjengjeld vart daglegtala stadig meir «danna», til dømes auka bruken av dei mjuke konsonantane b, d og g på kostnad av p, t og k.[1]

Mellom norsk og dansk

endre

Viktige danske, danskliknande eller skriftprega særmerke for dansk-norsken er:

  • to kjønn motsett tre på norsk
  • preteritum og perfektum partisipp på -et der oslomålet har -a: kastet for kasta
  • perfektum partisipp på -et der oslomålet har -i: skrevet for skrivi
  • e/ø der oslomålet har ei/au: skrev for skreiv, bløt for blaut
  • ikkje noko jamvektsystem: mave/mage for austnorsk maga, komme for austnorsk komma
  • l eller r der oslomålet har tjukk l (her markert med ł): sol for soł, bor for boł
  • uttale av konsonantar som er stumme (bortfalne) i oslomål: tid for ti
  • v for g i nokre ord: mave for maga (og kurv for kørj)
  • o for u: bro for bru, tro for tru
  • trykk på siste staving i framandord der austnorsk har trykk på fyrste staving: proSTI for PROsti,
  • dansk ordtilfang: spise for eta (pike for jente)

Viktige norske drag til skilnad frå dansk er:

  • p, t, k for b, d, g: tap for tab, mat for mad, tak for tag (men med einskildord som antagelig og skib)
  • austnorsk r, austnorske retroflekse lydar
  • to tonelag som t.d. skil mellom bønner og bønder
  • norsk ordtilfang: myr for mose, gutt for dreng

Skriftspråk

endre

Hovudartikkel: Bokmål

I 1907 og 1917 vart det gjennomført reformer i dansk skriftspråk i Noreg (riksmål) som gjorde at vanleg leseuttale vart samanfallande med den «danna daglegtala». Punktum vart såleis sett for høgtidsmålet. I samband med innføringa av det nye namnet bokmål i 1929, fall eit framlegg om å nytta dansk-norsk i staden med 17 mot 18 røyster i lagtinget[2]. Med samnorskrettskrivinga frå 1938 kom ei mengd norske målføreformer inn i bokmålet som erstatning for dei dansk-norske, men dei fleste av desse endringane er reversert seinare. Omgrepet dansk-norsk er likevel lite nytta om skriftspråket i dag.

Referansar

endre
  1. Hoel, 1996, Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865 s. 32-43
  2. Lundeby, 1966, Stortinget og språksaken