Norsk Aarbok

(Omdirigert frå Norsk Årbok)

Norsk Aarbok er ein norsk bokserie som kom ut fyrste gongen i åra 1920–39 etter upptak frå Torleiv Hannaas, som styrte årboka fram til han døydde i 1929. Etter han fall bort, styrte Gustav Indrebø og Lars Eskeland i lag 1930-årgangen; sidan stelte Indrebø åleine med årboka. Norsk Aarbok kom med i alt 19 årgangar (ikkje 1937), til og med 1939.

Den første boka inneheldt dikt og prosa frå forfattarar som Garborg, Aukrust, Hovden og Tvedt og bilde av kunstnarane Rusti og Kinsarvik.[1]

Boka var eit viktig skrift i målrørsla, og eit samlingsmerke for målfolk som heldt på den klassiske nynorsken, høgnorsken.

I 2005 kom fyrste årgangen av årboka i ei ny rekkje, no Norsk Årbok. Utgjevar er Høgnorskringen.

KjelderEndra

  1. Firda Folkeblad 1921.04.08. Kinn. 1921-04-08. s. 1. 

BakgrunnsstoffEndra