Norsk Barneblad er eit blad for barn på nynorsk. Det vart skipa i 1887 og er blant dei eldste barneblada i verda som endå kjem ut. Bladet kjem ut 12 gonger i året og inneheld artiklar, teikneseriar og lesarstoff.

Norskt Barneblad nr.1, 1894

Bladet vart skipa av Kristen Stalleland, ein 26 år gammal student, og kom opphavleg ut i Grimstad. Frå byrjinga i 1887 vart det kalla Sysvorti og hadde 36 abonnentar. Det vart omdøypt til Norskt Barneblad i 1891 og vart gjeve ut i Oslo frå 1902. Sysvorti (eller svarttrosten) er framleis i bruk som maskot i bladet. Ein annan figur tilknytt Norsk Barneblad er teikneseriefiguren Smørbukk, som har vore på baksida av bladet sidan 1938.

Gjennom tidene har bladet hatt redaktørar som Rasmus Løland, Bernt Støylen, Peter Hognestad, Klaus Sletten, Andreas Haavoll og Johannes Farestveit og redaksjonssekretærar som Inger Hagerup, Øyvind Dybvad, Herbjørn Sørebø og Øystein Rosse. Halldis Moren Vesaas «debuterte» då ho som tiåring skreiv inn til Norsk Barneblad i 1918, medan kunstnaren Per Kleiva vann ein teiknekonkurranse det hadde i 1947, då han var tretten.

Bladet vert gjeve ut av Samyrkelaget Norsk Barneblad, med organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Bondeungdomslaget i Oslo, Norsk Måldyrkingslag og Nynorsk kultursentrum som medlemer. Norsk Barneblad gjev òg ut julehefta Juletre, Tuss og Troll og Smørbukk, dei to siste i samarbeid med Egmont Serieforlaget.

Nana Rise-Lynum er bladstyrar (2011) og Vidar Lund er styreleiar.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre