Norsk Bergverksmuseum

Norsk Bergverksmuseum er nasjonalmuseum i Noreg for bergverksdrift. Museet ligg i Kongsberg sentrum , og har hovudkontor i Kongsberg Sølvverk si gamle smeltehytte frå 1844. Museet formidlar gjennom forskjellige utstillingar den 330 år gamle historia til gruvedrifta ved bergstaden Kongsberg.

Inngangen til Kongens gruve i Saggrenda på Kongsberg
«Fahrkunst» i Kongens gruve
Gamle dresinar nytta til persontransport i Christian 7. stoll på siste halvdel av 1800-talet. Ei av utstillingane inne i Kongens gruve

Avdelingar endre

Til Museet høyrer òg andre avdelingar. Både Den Kongelige Mynt sitt museum, Kongsberg industrimuseum (Kongsberg Våpenfabrikk sitt museum), og Kongsberg skimuseum held til i dei same lokala. I tillegg høyrer òg Sølvgruvene i Saggrenda, Sakkerhusa og Gruvelandskapet på Knutefjell til. Museet tilbyr òg spesielle gruvevandringar og byvandringar.

Den Kongelige Mynts museum endre

Den Kongelige Mynt er ei av dei aller eldste bedriftene i Noreg som framleis er i drift. «Mynta» vart grunnlagd av Christian V i 1686 og var ein viktig og naturleg del av Kongsberg Sølvverk fram til nedlegginga i 1958. Museet rommer eksemplar på dei fleste myntar frå Christian IVs tid og heilt fram til våre dagar.

Kongsberg Skimuseum endre

Ein av dei store pådrivarane for skimuseet på Kongsberg har vore Birger Ruud. Museet viser ski- og skisportshistorie gjennom ulike tider og spesielt Kongsbergs stordomstid innanfor skiidrett frå midten av 1920-talet og fram til 1950-talet.

Kongsberg Våpenfabrikk sitt museum endre

Siste tilskot på museumsfronten i Kongsberg er Kongsberg Våpenfabrikk sitt museum. Museet er relativt lite, men svært rikhaldig og med ei rekkje forseggjorde utstillingar om utviklinga innanfor forsvarsindustrien, heilt fram til våre eigne dagar.

Sakkerhusa endre

Sakkerhusa er ei samling av bygningar som vart reiste for vekependlande gruvearbeidarar. Husa blir i dag stort sett bruka til ulike tilstellingar og som kafeteria for Sølvgruvene som ligg rett attmed. Nokre rom i somme av bygningane er sette i stand slik dei var då det framleis var drift her.

Sølvgruvene endre

Den kanskje viktigaste delen av museet er Sølvgruvene (Kongsberg Sølvverk) som ligg i Saggrenda, ca 8 km vest for Kongsberg. I sommarsesongen kan du ta eit minitog inn Christian VIIs stoll til Kongens Gruve, som var den største i Sølvverket. Det er ca 2 300 meter frå lyset og inn til endestasjonen for turistane. Då er du ca 342 meter under jordoverflata. Eitt av høgdepunkta inne i gruva er demonstrasjon av eit gammaldags heissystem, kalla «fahrkunst», som tok dei gamle gruvearbeidarane hundrevis av meter lenger ned i mørkret.

Utanfor gruvene og ved Sakkerhusa får ein i sommarhalvåret ta del i andre aktivitetar, som for eksempel gammaldags fyrsetjing.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre