Norsk Sjakkblad
Norsk Sjakkblad er eit norsk sjakktidsskrift og er no medlemsbladet til Norges Sjakkforbund. Det kjem no ut med vanlegvis 6 nummer i året.
Norsk Sjakkblad | |||
Oppretta | 1906 |
---|
Bladet kom ut allereie i 1906-1909, med til saman 30 nummer, men gjekk deretter inn.
Etter at Norges Sjakkforbund vart stifta i 1914, kom det meir regelmessigheit i utgjevinga frå 1919 til 1929, og deretter frå 1932 til 1939. Etter andre verdskrigen kom det i gang igjen i 1950, og ein heldt det gåande med i alle fall 2-3 nummer i året fram til 1969. Frå 1975 har Norsk Sjakkblad kome ut regelmessig, finansiert over medlemskontingenten til Norges Sjakkforbund.[1]
Norsk Sjakkblad inneheld mellom anna artiklar om sjakkhendingar i Noreg og ute i verda, terminliste over komande sjakkturneringar og ratinglister for dei aktive spelarane.
Sjakkhistorisk forum har digitalisert dei aller fleste årgangane av Norsk Sjakkblad, og gjort dei tilgjengelege på nettet.[2]
Ungdommens Sjakkforbund utgir eit eige medlemsblad, Førsteraden.
Kjelder
endre- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Norsk Sjakkblad
Fotnotar
endre- ↑ Brekke, s. 99
- ↑ Norsk Sjakkblad – komplett – Sjakkhistorisk forum (på norsk bokmål), henta 13. mai 2021