Norsk Tjenestemannslag

Norsk Tjenestemannslag eller NTL er eit fagforbund som organiserer tilsette i statlege verksemder og institusjonar med offentleg tilknyting, inkludert kultur- og forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Norsk Tjenestemannslag
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971043059
Skipa1. november 1947
HovudkontorOslo
Nettstadhttp://www.ntl.no Sjå dette på Wikidata
NTL-medlemmer under ei streikemarkering i Oslo i 2012.
Foto: Brage Aronsen.

Forbundet er ein del av Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og er eit av dei største forbunda i samanslutninga, med rundt 57 000 medlemmer per 2024.[1] NTL arbeider for å sikra rettane til medlemmene, forbetra lønns- og arbeidsvilkåra, og bevara ein sterk offentleg sektor.

NTL vart etablert den 1. november 1947. Like før krigen hadde Statstjenestemannsforbundet (STAFO) sagt nei til LO-medlemskap, og då starta ein arbeidet med å danna eit samleforbund for statstilsette i LO. Tidlegare hadde det vore einskilde fagforeiningar som organiserte tilsette innanfor same etat. Fram til NTL vart skipa, var det Norsk Telegraf og Teleforbund som leidde arbeidet med å danna eit eige forbund for statstenestemenn.

Då NTL vart skipa, hadde organisasjonen 835 medlemmer fordelt på 11 avdelingar. Forbundet voks raskt og vart omtalt som «kometen i LO»,[2] mellom anna på grunn av at foreiningar frå andre forbund vart overførte til NTL og at forbundet raskt rekrutterte mange medlemmer. Innan 1965 hadde NTL over 25 000 medlemmer, noko som gav forbundet ein sterk posisjon i den norske fagrørsla.

Utvikling og vekst

endre

På 1970-talet byrja NTL å tilpassa seg endringane som gjekk føre seg i offentleg sektor, mellom anna auka privatisering, konkurranseutsetjing og innføringa av new public management. Desse utviklingstrekka førte til at forbundet i aukande grad tok tydelege politiske standpunkt mot tiltak som svekte offentleg sektor.

I nyare tid har NTL halde fram med å veksa, mellom anna ved å arbeida med å rekruttera unge medlemmer og ved å inkludera tilsette i nyoppretta statlege og offentleg tilknytte verksemder.

Politisk ståstad

endre

NTL er partipolitisk uavhengig, men har ein tydeleg politisk profil som legg vekt på solidaritet, velferd, demokrati og berekraft. Forbundet arbeider for å sikra trygge arbeidsplassar, gode offentlege tenester og ei rettferdig fordeling av ressursane i samfunnet. Dette inkluderer:

  • motstand mot privatisering og konkurranseutsetjing av offentlege tenester
  • støtte til ein aktiv klimapolitikk og berekraftig utvikling
  • fokus på rettferdige lønnsforhandlingar og gode arbeidsvilkår.

NTL er tilslutta fleire alliansar, derimellom For velferdsstaten, som kjempar mot kommersialisering av offentlege tenester.

NTL har tradisjonelt vore nært knytt til Arbeidarpartiet ved å vera ein del av LO. Samtidig har forbundet i periodar vore prega av ein sterk venstreopposisjon, noko som har gitt rom for eit mangfald av politiske perspektiv blant medlemmene.

Trass i desse historiske sambanda har NTL alltid vore partipolitisk uavhengig. Det vil seia at forbundet ikkje har formelle fagleg-politiske samarbeid med noko politisk parti, og gir heller ikkje økonomisk støtte til noko parti.

Forventningar om at statstenestemenn skal vera politisk nøytrale, har bidrege til at NTL tradisjonelt ikkje har vore like politisk aktiv som visse andre LO-forbund. Men med endringane i offentleg sektor frå slutten av 1970-talet byrja forbundet i aukande grad å ta stilling til sentrale spørsmål som privatisering, konkurranseutsetjing og New Public Management.

I 1972 stilte NTL seg bak LO sitt standpunkt om å seia ja til norsk medlemskap i EEC. Landsstyret slutta seg i 1992, med knapt fleirtal, til eit forslag om å tilrå norsk tilslutning til EØS, og gjekk i |1994 inn for at LO ikkje skulle ta standpunkt til spørsmålet om norsk medlemskap i EU.

NTL Ung

endre

NTL Ung vart etablert i 2014 for å trekkja fleire unge medlemmer. Studentar og arbeidstakarar under 35 år kan bli medlemmer av NTL Ung, og dette skal gjera det lettare og meir interessant for unge medlemmer å engasjera seg i fagforeiningsarbeid.

NTL Ung er ikkje ein sjølvstendig organisasjon, men ein del av den samla strukturen til NTL. Det vert skipa til kurs, konferansar og nettverkssamlingar som er skreddarsydde for unge medlemmer.[3]

Organisasjon og struktur

endre

NTL har ein omfattande og fleksibel organisasjonsstruktur som er tilpassa behovet til medlemmene. Forbundet består av tre hovudtypar organisasjonsledd:

  • Foreiningar: Lokale fagforeiningar som er knytte til spesifikke arbeidsplassar.
  • Avdelingar: Samlar fleire arbeidsplassar innanfor ein etat eller ein viss bransje.
  • Landsforeiningar: Større organisasjonsledd som representerer fleire foreiningar og avdelingar.

Denne strukturen vart innført i 1958, og geografisk organisering vart samtidig avvikla. I dag er landsforeiningane til forbundet mellom anna knytte til NAV, Forsvaret, Sentralforvaltninga, Skatteetaten og høgare utdanningsinstitusjonar.

NTL held landsmøte kvart fjerde år, der politikken og leiinga i forbundet blir fastsett. Mellom landsmøta blir forbundet leidd av landsstyret. Kjersti Barsok vart vald til leiar i 2018.

Storleiken på forbundet

endre

Per 31.12.2013 hadde NTL totalt 31 foreiningar og 20 landsforeiningar. Blant dei største landsforeiningane er:

Leiarar

endre

Gjennom historia si har NTL hatt ei rekkje leiarar som har bidrege til at forbundet har utvikla seg:

Kjelder

endre
  1. «Om Oss». ntl.no. Henta 4. desember 2024. 
  2. Hauge-Eltvik, Anders (16. mars 2022). «NTL ble kalt ‘kometen i LO’. Slik vokste forbundet seg stort». frifagbevegelse.no (på norsk bokmål). 
  3. NTL. «NTL Ung - NTL». NTL Ung (på norsk). Henta 5. desember 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Norsk Tjenestemannslag