Vokalar endre

Dei fleste norske dialektane har 18 monoftongar og 6 diftongar.

Monoftongar i norsk
  fremre midtre bakre
urunda runda
lang kort lang kort lang kort lang kort
lukka ɪ ʏ ʉː ʉ u
midtre ɛ øː œ   ɔ
open æː æ     ɑː ɑ

Det er ein del variasjon dialektane i mellom når det gjeld realisering av vokalane, men variasjonen når det gjeld diftongar er større. Dei seks diftongane blir skrive ei, øy, au, ai, oi, ui. Dei tre første er vanlege, dei går attende til urnordiske diftongar, og fleire austlege dialektar har monoftong i staden for diftong her (t.d. stenrøs for steinrøys. Austlandsk bymålsuttale av diftongane er /æi øy æʉ ɑi oy ʉi/, trøndsk uttale av dei tre første er ei øy øʉ. Diftongane har ein del fellestrekk, t.d. er alle saman stigande, bortsett frå den siste, som er avvikande både ved å ha to høge vokalar, og ved at han er representert i ordforrådet med berre eit par ord: (å) huie og (i) hui (og hast).

Konsonantar endre

Konsonantfonem i austnorsk
Bilabial/
Labiodental
Dental/
Alveolar
Retrofleks Postalveolar Palatal Velar Glottal
Nasal m n ɳ ŋ
Plosiv p b t d ʈ ɖ k ɡ
Frikativ f s ʂ ʃ ç h
Approksimant ʋ l (ɫ) ɭ j
Flapp ɾ (ɽ)

Fonotaks endre

Suprasegmental fonologi endre

Lengde endre

Norske vokalar kan vere korte eller lange. Fonologisk sett har konsonantar ikkje lengdeskilnad i norsk, med unntak berre for nokre få dialektar. Sjølv om det er mogleg å måle ein liten skilnad i lengde mellom konsonantar, er dette alltid avhengig av vokallengde på standard norsk, og skilnaden er langt mindre enn han er det for lange og korte vokalar.

Skilnaden mellom lette og tunge stavingar er avhengig av lengde. Ei tung staving i standard norsk er ei staving med konsonant og/eller med lang vokal i rimet i stavinga.

Trykk endre

Trykk i norsk fell på den siste tunge stavinga i stammen av ordet (der ei tung staving er ei staving som sluttar på lang vokal eller vokal + konsonant). I den opprinne norske delen av ordforrådet inneber dette at trykket fell på første staving:

  • kas.te, hes.ta.ne, ka.ta.ma.ra.nen, te.ve.en, for.stå.e.leg

I samansetjingar fell hovudtrykket på første leddet av samansetjinga, seinare ledd får bitrykk.

  • ka.ta.ma.ran.te.ve.en, ko.ne..ten

For ein del ord gjeld ikkje denne regelen. Desse må bli markert som unntak i leksikon, slik at siste stavinga av stammen er «usynleg» for trykkplassering. Det gjeld m.a. lånord på -or, og ein del andre ord

  • pro.fes(.sor), lek(.tor), ko.le(.ra),

Tonelag endre

I dei fleste norske dialektane blir hovudtrykk realisert på ein av to ulike måtar, anten som tonelag 1 eller som tonelag 2. Tonelag 2 går historisk attende til ord som hadde to stavingar i gammalnorsk. Dermed har dei fleste fleirtalsformene tonelag 2 (2hestar, 2piler). Omlydssubstantiv hadde fleirtalsendring utan konsonant, og har dermed tonelag 1 i dag (1føtter, 1hender).

Nye lånord får som regel tonelag 1 (1kajakk, Tim1buktu). Tonelag i samansette ord er fordelt etter eit komplisert mønster, der tendensen er at viss konsonantane rundt samansetjingsfuga er ustemte og/eller obstruentar, er det meir sannsynleg med tonelag 1. Det er som om slike konsonantar utgjer ei stor hindring som er med og deler ordet i to, slik at det blir tonelag 1, mens stemte konsonantar er med og held ordet saman, prosodisk sett. Såleis heiter det 1ferskfisk men 2villaks.

I dialektane blir tonelaga realisert ulikt, men den leksikalske tilordninga er stort sett den same frå dialekt til dialekt. Hovudinndelinga går mellom lågtonedialektar (Austlandet og Trøndelag) og høgtonedialektar (Vestlandet og Nord-Noreg). Lågtonedialektar realiserer tonelag 1 som lågtone og tonelag 2 som fallande tone, mens høgtonedialektar realiserer tonelag 1 som høgtone og tonelag 2 som stigande tone. Dette er ei forenkling, særleg i grenseområda mellom dei to hovudsystema er tilhøva meir komplekse.

Ikkje alle dialektar har tonelag. Tonelag manglar i dialektane rundt Bergen, og i Nord-Noreg frå Nord-Troms og nordover. Begge desse områda er område som har hatt stor grad av språkkontakt med andre språk, og i alle fall for Nord-Noreg er nok finsk og samisk substrat grunnen til det manglande tonelaget.

Intonasjon endre

Litteratur endre

  • Kristoffersen, Gjert 2007: The Phonology of Norwegian. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-823765-5.
  • Kristoffersen, Gjert 2008: Kort innføring i norsk fonologi. ms. Universitetet i Bergen.