Norsk kulturminnefond

Norsk kulturminnefond eller berre Kulturminnefondet har sidan 2002 vore eit verkemiddel innan kulturminnearbeidet.

Kulturminnefondet er eit statleg organ under Miljøverndepartementet, og skal medverke til samspel mellom offentlege og private midlar for å sikre at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø blir tekne vare på og aktivisert som grunnlag for oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Fondet skal vidare stimulere til auka medverknad frå eigarar og næringsliv, utløyse privat kapital og støtte lokale og regionale samarbeidstiltak og spleiselag. Fondet kan gje støtte til restaurering og istandsetting av verneverdige og freda bygningar/anlegg. Slike tiltak fell utanfor ansvarsområdet til Norsk kulturfond, som er forvalta av kulturrådet, men vil kunne få stønad gjennom Kulturminnefondet.

Norsk kulturminnefond er lokalisert på Røros. 1. januar 2007 var det sett av til saman 1 milliard kroner som grunnkapital i fondet. Rentene av desse pengane står til disposisjon for fondetsstyret.

Bakgrunnsstoff

endre