Norsk raudliste, artsliste for fuglar

Som ein del av utgjevinga av norsk raudliste for artar vurderer Artsdatabanken alle artar av etablerte hekkefuglar i Noreg mot kriterium for risiko for å døy ut frå Noreg. I 2021 blei totalt 234 fugleartar vurderte for Fastlands-Noreg, i tillegg til dei nemnde hekkeartane er einskilde andre mindre vanlege artar i Noreg òg vurderte.

Raudlista for fuglar 2021, fordeling over kategoriar ██ CR - kritisk truga 11 (5%)██ EN - sterkt truga 18 (8%)██ VU - sårbar 33 (14%)██ NT - nær truga 28 (12%)██ LC - livskraftig 141 (60%)██ RE - regionalt utdøydde 3 (1%)

Spreiing av fugleartar over raudlistekategoriar endre

For forklaring av kategoriane, sjå IUCN si globale raudliste og Norsk raudliste for artar

Status 2021 endre

  • 62 artar er truga, eller 26 % av dei vurderte artane. Kategoriar:
    • 11 artar er Kritisk truga – CR
    • 18 artar er sterkt truga – EN
    • 33 artar er sårbare – VU
  • Andre raudlista kategoriar:
    • 3 artar er regionalt utdøydde – RE
    • 28 artar er nær truga – NT
  • 141 artar er livskraftige – LC
  • ikkje vurderte:
    • 33 artar er lista som ikkje egna - NA, til dømes fordi dei ikkje er etablerte hekkefuglar, døme busksongar og isfugl, eller er frammande / innførte, døme: mandarinand

Utvikling endre

      2010             2015             2021      
Truga artar (CR, EN, VU) 16 % 20 % 26 %
Nær truga (NT, tar òg med RE) 17 % 15 % 14 %
Livskraftige 67 % 65 % 60 %

Liste over truga artar med kort grunngjeving endre

Kritisk truga CR[1] endre

Sterkt truga EN[2] endre

  • Sædgås, (taigasædgås) Anser fabalis, endra frå VU
Svært få individ: 60 til 120 per 2015 og ukjent utvikling
Hekkebestanden er estimert til å ligge i bandet 50-250 individ
  • Bergand, Aythya marila, endra frå VU
Liten og minkande populasjon: 300 til 640 per 2015 og minkande med meir enn 20 % over to generasjoner
Hekkebestanden er estimert til å ligge i bandet 50-250 individ, og det er ikkje informasjon om endring av populasjonen etter 2015
Arten har mest sannlynleg færre enn 250 hekkefuglar i Noreg.
Minkande populasjon, ned 50-80 % over 30 år
Minkande populasjon, ned 50-80 % over 30 år
Minkande populasjon, ned 50-80 % over 30 år
  • Lunde, Fratercula arctica, endra frå VU
Minkande populasjon, ned 50-80 % over 42 år
Minkande populasjon dei to siste generasjonane (50 år) og færre enn 2500 hekkefuglar
Liten hekkebestand, estimert til å ligge i bandet 50-250 individ
Liten og minkande populasjon, ned 50-80 % over 33 år
Hekkebestanden er estimert til å ligge i bandet 50-250 individ
  • Lappsporv, Calcarius lapponicus, endra frå VU
Populasjonen er tiltakande minkande, ned 50-80 % over 10 år
Færre enn 50 hekkefuglar i Noreg
Færre enn 50 hekkefuglar i Noreg
Færre enn 50 hekkefuglar i Noreg
Færre enn 50 hekkefuglar i Noreg, kan rekolonisere frå Storbritannia

Sårbar VU[3] endre

  • Ærfugl, Somateria mollissima, endra frå NT
  • Brushane, Calidris pugnax, nedgradert frå EN
  • Gråmåse, Larus argentatus, ny på lista år 2021
  • Tjuvjo, Stercorarius parasiticus, endra frå NT
  • Alke, Alca torda, nedgradert frå EN
  • Jaktfalk, Falco rusticolus, endra frå NT
  • Granmeis, Poecile montanus, ny på lista år 2021
  • Grønfink, Chloris chloris, ny på lista år 2021
  • Gulsporv, Emberiza citrinella, endra frå NT

Regionalt utdøydde i Noreg endre

Rapphøne, kornsporv og topplerke.

Anna endre

Følgjande fugleartar vart vurderte til ikkje lenger å vere nær truga og kategoriserte som livskraftige artar i 2021: lirype, fjellrype, toppdukkar, blåstrupe, bergirisk og sivsporv.

Kjelder endre

  1. Artsdatabanken (24. november 2021), Norsk rødliste for arter 2021 i kategori CR Verktøy for søk og utval
  2. Artsdatabanken (24. november 2021), Norsk rødliste for arter 2021 i kategori EN Verktøy for søk og utval
  3. Artsdatabanken (24. november 2021), Norsk rødliste for arter 2021 i kategori VU Verktøy for søk og utval

Bakgrunnsstoff endre

  • Artsdatabanken, 24. november 2021, Norsk rødliste for arter 2021 Verktøy for søk og utval på ulike typar kriterium, oppslag, grafiske framsyningar av statistikk, og nedlasting av liste over alle artar i alle artsgrupper med vurdering