Norske Tog AS, og kalla berre Norske tog, er eit aksjeselskap eigd av den norske staten. Selskapet vart skild ut frå NSB-konsernet i april 2017 for å vere eigar av alle dei persontoga som NSB-konsernet eigde til då, men med nokre få unnatak. Dette vart gjort som ein lekk i den såkalla jarnbanereforma, som går ut på å privatisere drifta av toga i Noreg ved at staten ved Norske Tog AS eig persontoga, staten ved selskapet Bane NOR eig, held vedlike og byggjer ut linenettet etc., og ulike jarnbaneselskap køyrar persontoga etter å ha vunne offentlege anbodskonkurransar for køyring av persontog på dei aktuelle strekningane. Selskapet Norske Tog AS har difor som si hovudoppgåve å leige ut tog på like vilkår til jarnbaneselskapa som dei treng for å drive persontrafikk på strekningane dei har fått tildelt. NSB leigar no toga sine frå Norske Tog AS.

Selskapet Norske Tog AS skal dessutan hjelpe Jernbanedirektoratet med å etablere strategiar for innkjøp av materiell ut frå samfunnsøkonomiske omsyn, og ha ansvaret for prosessen med å kjøpe inn nye persontog. Då det ikkje er gjennomført standardisering av jarnbanene i Europa, skal selskapet syte for at tog som vert kjøpt eller leigd for å nyttast på det norske linenettet, samsvarar med dei særnorske operative tilhøva, som til dømes klima- og terrengtilhøva, infrastrukturen og regelverka. Med si ekspertise på tog skal selskapet òg gje operatørane råd i tekniske spørsmål og forvalte eit lager av kritiske delar som operatørane kan leige når dei treng det.

Selskapet har hovudkontor i Oslo.

Bakgrunnsstoff Endra