North Yorkshire
North Yorkshire er eit grevskap i Yorkshire and the Humber i England, og eit seremonielt grevskap i denne regionen og delvis i Nordaust-England. Det vart skipa i 1974[1] og dekkjer eit område på 8 654 km². Dermed er North Yorkshire det største seremonielle grevskapet i England ut frå areal. Det meste av Yorkshire Dales og heile North York Moors ligg i North Yorkshire, og rundt 40 % av grevskapet er dekt av nasjonalparkar.
North Yorkshire | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
Opphav | 1974 |
Region | Yorkshire and the Humber (Delar av det seremonielle grevskapet ligg i Nordaust-England) |
Areal | 8 654 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
1 073 000 124 /km² |
Etnisitet | 97,9 % kvite 1,0% sørasiatiske |
Distrikt | |
![]()
|
North Yorkshire grensar til County Durham, East Riding of Yorkshire, Cumbria, Lancashire, South Yorkshire og West Yorkshire
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «North Yorkshire» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Arnold-Baker, C., Local Government Act 1972, (1973)