Norwich-katedralen

Norwich-katedralen (engelsk Norwich Cathedral) er ein katedral i byen med same namn i Norfolk i England. Katedralen, som er ei biskopskyrkje innanfor den anglikanske kyrkja, er vigd den heilage treeininga.

Norwich-katedralen

Biskopen Herbert de Losinga av Thetford beordra bygginga av Norwich-katedralen. Reisinga av byggverket tok til 1096, i 1145 stod katedralen ferdig. Spiret vart ferdigbygt i 1465. Katedralen nådde då ei høgd på 140 meter, spiret åleine er 95 meter høgt. Ein to-etasjars krossgang, den einaste i England, var bygt mellom 1300 og 1430.

Edith Cavell er gravlagd i katedralen.

Kjelder

endre