Notbåt vert brukt under notfiske til å setje ut nota, og lette arbeidet under fisket.

Landnotkast med spissgatta notbåt.
Lissjenotabåten Tispa i Holsvik Notlag. Bak på gavlen ser vi rullen som nota vart sett utover.
Foto: Oddvar Høydalsvik

Historie endre

Det tidlegaste notfiske var med landnot. Det er døme på at notbåt vert omtala langt tilbake i tid. I Egilssoga heiter det at far til Egil Skallagrimsson, Skalla-Grímr Kveldulfsson, drog på sildefiske med notbåt. Dei første notbåtane var truleg spisstemna. Kva tid det vart vanleg med brei spegelhekk er uvisst. På 1800-talet var det vanleg med slike vadbåtar. I tillegg til rett gavl som hadde rull, eller ei sute som nota gleid ut over, hadde dei gjerne eit spel til å hale inn nota inn med. I tillegg hadde gjerne notlaget ein spelbåt på andre enden av nota. Notbåtane til landnot heldt fram utviklinga til meir tenlege bruksbåtar. Etter kvart vart det til dømes vanleg å sette inn motor.

Notbåtar til snurpenot endre

 
Snurpenotkast med bruk av notbåtar.

Notbåt har vorte brukt under snurpenotfiske når nota har vorte sett og fangsten berga. Dei vart gjerne nemnde snurpedorry lengst sør i landet, og i Nord-Noreg vert dei helst nemnde posebåt. Då snurpenota, som er ei amerikansk oppfinning, vart teken i bruk i Noreg litt før 1900, vart det brukt ein notbåt under fiske. Frå tidleg på 1900-talet fekk ein del av desse, som fiska på Skagerrakkysten, innsett motor. Gjennom det første tiåret av i 20.århundre kom snurpenota i bruk i fiske nær kysten. For å få god nok kontroll over nota gjekk ein over til å bruke to notbåtar. Liksom det meste av framgangen av snurpenotfiske, var og dette eit resultat av sildefiske ved Island. I den første tida med to notbåtar, måtte båtane roast. Det var til vanleg 7 mann i kvar båt. Under kasting, setting av nota, var det ein mann som styrde notbåten med ei åre, fire mann rodde med kvar si lang åre, og to kasta ut nota.. Dette måtte gå så snøgt råd utan å lage støy som kunne skremme silda. Så vart nota steng og snurpa saman. Ho vart festa til sida på snurpefartøyet, teken ombod i notbåtane og «tørka» slik at fangsten kunne håvast om bord. Å ro notbåt har gjennom fiskerihistoria vorte rekna for uvanleg hardt arbeid. Særleg ille var om det vart fleire etterfylgjande bomkast.

Når ikkje notbåtane var i bruk, vart dei heist opp i davitar på fiskedampskipet, ein på kvar side. I den første tida var notbåtane store i høve til dampskipet. Det skapte ein del problem. Mellom anna måtte ein huke an begge båtane før dei kunne hivast opp. Elles kunne ein risikere at fiskefartøyet ville krenke for mykje. Og ved slagside kunne sildelasten forskyve seg. Det hende dette førte til havari.

Strid om motor endre

Motoriserte notbåtar fekk norske fiskarar kjennskap til under islandssildfiske . Dei erfarte at fiskarar frå andre land brukte det, og at dei fiska betre, og arbeidet var ikkje så utmattande. Eit reiarlag frå Ålesund fekk bygd eit par notbåtar som høvde for motor. Dei vart brukt første gang av DS «Torodd» under stor- og vårsildfiske i 1937. Fisket gjekk bra, og mannskapet var fornøgde. Det vart sterke protestar i fiskerisektoren. Mellom anna bad Aalesunds Rederiforening Stortinget, i april 1937, om at motordrivne notbåtar måtte forbyast. Det har vore hevda at dette botna i fiskarane sin generelle mistru til store forandringar i driftsmåtar. Men det var vel helst økonomiske omsyn som låg bak. I 1930-åra var det mange fiskarar som sleit økonomisk. Og omlegging til motoriserte notbåtar ville verte kostbart. Mange kunne ikkje greie desse kostnadane .

Det var og frykt for at det ville føre til nye driftsmåtar, som større kapitalkrevjande ekspedisjonar med fleire notbruk. Det var ei utvikling som fiskarane ikkje kunne verte med på.

Resultatet vart at styresmaktene lytta til dei som protesterte. Det vart forbode å bruke to motordrivne notbåtar, om ein ikkje fekk dispensasjon. Etter kvart var forbodet oppheva. Særleg i åra etter krigen vart det godt fiske og betre økonomi. Og to båtar med motor vart det vanlege.

Etter kvart som deltakinga i sildefiske auka, auka og talet på motoriserte notbåtar. I det rikaste sildeåret 1956, deltok meir enn 500 snurparar med to notbåtar kvar, og heile 645 hjelpefartøy, vanleg med ein notbåt kvar. Lenge vart notbåtane bygde i tre. Dei var gjerne 30-32 fot lange , og kraftig bygde. Ofte hadde dei ein 24-32 hk bensinmotor, gjerne Marna[1] . Mange stader vart det bygd slike båtar. Men særleg var båtar frå Tresfjord i Vestnes omtykte. Det var svært hard bruk, og notbåtane vart ofte skada.

Stålbåtar endre

Alt så tidleg som i 1947/48 var den første stålnotbåten på feltet. Han var laga av verksemda Leirvik Sveis på Stord. Båtane denne bedrifta bygde vart omtykte. Dei leverte i alt omlag 300 slike stålbåtar. Dei motoriserte notbåtane hadde til vanleg 5-6 mann kvar. Det var båtførar som styrde båten, motormann, flålempar/grunnmann og baumann. Dei hadde sine faste arbeidsoppgåver under fiske. Den første kraftblokka vart montert på ein snurpar frå Havøysund i 1957. Fram mot midt på 1960 talet vart dette vanleg innretning på dei fleste snurpefartøya. Då var det ikkje lenger bruk for notbåtar. Dei vart sette på land. Mange vart selde, over store delar av landet, som fritidsbåtar.

Galleri endre

Fotnotar endre

  1. Arne. R. Hole: Båter og Kystfolk. 2007. ISBN 978-82-03-23405-7

Kjelder endre

Sjå òg endre