Nothing Has Changed

Nothing Has Changed
Samleplate av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 18. november 2014
Innspelt 1964–2014
Sjanger Rock
Lengd 69:00
Selskap
Produsent Ulike
David Bowie-kronologi 
The Next Day
(2013)
Nothing Has Changed Five Years (1969–1973)
(2015)


Singlar frå Nothing Has Changed
  1. «Sue (Or in a Season of Crime)»
    Utgjeve: 20. september 2021

Nothing Has Changed er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut 18. november 2014 på Parlophone i Storbritannia og Columbia Records og Legacy Recordings i USA. Albumet kom ut i fire format: ein tredobbel CD-versjon (der songane kom i motsett kronologisk rekkjefølgje), ein dobbel CD-versjon (i kronologisk rekkjefølgje), ein dobbel LP-versjon og ein enkel CD-versjon[1], som kom ut eksklusivt i utvalde land.[2][3]

Det er det første albumet som syner heile karrieren til Bowie fram til då, frå den første singelen hans «Liza Jane» i 1964 til «Sue (Or in a Season of Crime)», ein ny komposisjon spelt inn spesifikt for samlinga. Dei ulike formata av albumet har alle ulike spor og miksar samanlikna med dei andre. Den tredoble versjonen inneheld dei fleste, som songar frå det ikkje-utgjevne albumet Toy. Samlinga inneheld òg mange avvik i sporlistene. Tittelen kjem frå ein tekst i songen «Sunday» frå albumet Heathen frå 2002. Kvar av dei ulike formata har eit ulikt plateomslag, alle designa av Jonathan Barnbrook og alle syner Bowie som ser på seg sjølv i ein spegel.[4]

Då det kom ut gjekk albumet inn på niandeplassen på den britiske albumlista og vart det 29. albumet til Bowie som gjekk inn på topp 10. Etter at Bowie døydde i 2016 klatra albumet heilt til femteplassen og gjekk òg inn på lista i andre land. Det har selt til gullplate i Storbritannia. Den tredoble utgåva av Nothing Has Changed fekk god omtale av kritikarane og mange likte den reverserte kronologiske rekkjefølgja, som gav eit anna syn på karrieren hans. Men det fekk likevel kritikk for at det ikkje hadde med nokre songar frå Tin Machine-tida til Bowie, og for at Berlintrilogien (1977–1979) var underrepresentert. Likevel vert det rekna som eit av dei beste samlealbuma av Bowie.

Ei revidert utgåve av dobbeltutgåva av Nothing Has Changed, kalla Bowie Legacy, kom ut 11. november 2016 og inneheld utval frå det siste studioalbumet hans, Blackstar (2016).[5][6]

Bakgrunn og innhald endre

9. september 2014 vart albumet annonsert på nettsida til Bowie og Facebook.[7]

Dei ulike formata av Nothing Has Changed hadde alle forskjellig innhald og miksar samanlikna med dei andre. Den tredoble versjonen inneheld songar frå det ikkje-utgjevne albumet til Bowie frå 2001, Toy: «Your Turn to Drive», som tidlegare berre var ein digital singel, og ein ikkje tidlegare utgjeven nyinnspeling av «Let Me Sleep Beside You»,[8] i tillegg til Ken Scott-miksen av «Life on Mars?» frå 2003 og Tony Visconti-miksen av singelutgåva av «Young Americans» frå 2007, stereomiksen av «All the Young Dudes», og ein 4:08 lang radioversjon av «Love Is Lost (Hello Steve Reich mix)» (dei to sistnemnde finst òg på den doble versjonen). Alle formata inneheld det biografen Nicholas Pegg kalla ein «høglydt» singelmiks av «Starman», medan 1- og 2-plate versjonen inneheld ein 4:46 lang promoversjon av «Absolute Beginners».[9]

Men samlinga har fleire avvik i sporlista. 'UK stereo mix' av «Space Oddity» på vinyl- og 1-CD-versjonane er i røynda ein ny forkorta versjon av ein ommastra versjon frå 2015 Pegg skriv òg at songen er i mono. Versjonen av «Diamond Dogs» er ein ny forkorta versjon med både ein inntoning og ein tidlegare uttoning, medan «Ziggy Stardust» er utan dei siste gitarnotane. Sporet oppført som «Fashion (singelversjon)» er i røynda ikkje den originale singelversjonen, og har blitt feilaktig redigert. Versjonen av «Under Pressure», «Dancing in the Street» og «Buddha of Suburbia» er dei originale singelversjonane, men står ikkje oppførte slik.[10] «Silly Boy Blue», spor 18 på plate 3, er feilaktig oppført som ein song frå David Bowie (1969) men er i røynda frå det sjølvoppkalla albumet David Bowie (1967). Pegg skreiv vidare at Tin Machine-perioden er heilt fråverande frå samlinga og at Berlintrilogien berre er representert med ein song per album, og at det manglar mange konsertopptak.[11]

Utgjeving endre

Nothing Has Changed gjekk inn på den offisielle UK Albums Chart på niandeplassen då det kom ut og vart det 29. albumet til Bowie som nådde topp 10 i heimlandet,[12] sjølv om det raskt fall ut av topp 30.[13] Trass i at det gjekk inn på topp 100 ved fire høve i 2015, gjekk det ikkje inn att på topp 40 dette året.[13]

15. januar 2016 gjekk albumet inn att på lista og nådde femteplassen, etter meldinga om at Bowie var død ei veke tidlegare.[14] To veker seinare låg Nothing Has Changed framleis på femteplassen den 29. januar, i ei veke der fire andre Bowie-album låg på topp 10. Han vart då den første artisten som fekk fem album samstundes på topp 10 i Storbritannia sidan Michael Jackson, som hadde seks album på lista i juli 2009 etter han døydde.[15] Totalt hadde Bowie tolv album inne på topp 40, som var ei tangering av rekorden til Elvis Presley etter han døydde i 1977.[15] Nothing Has Changed gjekk òg inn på topp 10 i fleire andre land og gjekk mellom anna til topps i New Zealand (der det låg i fire veker), tredjeplassen i Australia, fjerdeplassen i Austerrike og Tyskland, og femteplassen i Sveits. Det gjekk òg inn på topp 10 i Belgia, Ungarn, Italia og Nederland.

Mottaking endre

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic86/100[16]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [17]
Magnet     [18]
Drowned in Sound     [19]
Pitchfork8.8/10[20]
Mojo     [21]
Under the Radar          [22]
Q     [23]
PopMatters          [24]
Classic Rock     [25]
American Songwriter     [26]

Nothing Has Changed, særskild den tredoble versjonen, fekk god omtale. Kritikarar likte godt den reverserte kronologiske rekkjefølgja på songane. Stephen Thomas Erlewine skreiv i AllMusic at «det er ein lur måte å vitje og kontekstualisere ein karriere på ny som har vore dokumentert på samleplater så mange, mange gongar.»[17] Evan Sawdey i PopMatters var samd og skreiv at rekkjefølgja på den tredoble utgåva skapar «ei fascinerande lydoppleving», og gav lyttaren ei kjensle av Bowie si «forskrudde særheit» frå tidleg i karrieren, og ein smak av kor påverknaden han har hatt.[24] Cody Ray Shafer i Under the Radar likte rekkjefølgja på den tredoble versjonen og meinte at det let lyttaren oppleve artisten på ein heilt ny måte. Shafer likte i tillegg det nye sporet «Sue», og skreiv at han er «merkverdig ulikt alt han nokon gong har gjort før.»[22]

Mange har rekna den tredoble versjonen som ein av dei beste samleplatene til Bowie, inkludert Erlewine, som roste det som «eit album som let oss høyre ein artist me kjenner godt på ein heilt ny måte.»[17] Andrzej Lukowski i Drowned in Sound kalla det vidare «eit monument til ein ekstraordinær 50 år lang karriere» og «ei fråsegn om sjølvtillit i Bowies post-superstjerne musikk som heilt sikkert står som det mest motbydelige beste som nokosinne er gjeven ut av ein artist av hans ry.»[19] Sawday kalla Nothing Has Changed «eit spanande album å gå til for òg andre enn den hardaste fansen og omtrent så perfekt som ein Bowie-antologi kan få blitt.»[24] Hal Horowitz i American Songwriter meinte at den tredoble versjonen er den beste måten for ein ny eller ukjend lyttar å bli kjend med Bowie på, i tillegg til at etablerte lyttarar kan få blitt oppdatert på den nyaste perioden hans med The Next Day.[26] Classic Rock meinte at samlinga var «ein flott måte å oppfriske ein nesten altfor kjend katalog.»[25] Douglas Wolk i Pitchfork meinte at av alle dei utgjevne formata, var den tredoble utgåva «juvelen». Han kritiserte den doble versjonen som ei lett revidert utgåve av Best of Bowie frå 2002 og sa vidare «denne manglar det som gjer denne særskild artisten magisk». Han meinte den doble LP-utgåva var ei forbetring.[20]

Innhald endre

Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

2-CD-utgåve endre

Plate ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«Space Oddity» David Bowie (1969)5:14
2.«The Man Who Sold the World» The Man Who Sold the World3:57
3.«Changes» Hunky Dory3:35
4.«Oh! You Pretty Things» Hunky Dory3:12
5.«Life on Mars?» Hunky Dory3:49
6.«Starman» (original singelmiks) The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars; singelmiks4:12
7.«Ziggy Stardust» The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars3:12
8.«Moonage Daydream» The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars4:39
9.«The Jean Genie» (25. september 2021) Aladdin Sane; singelmiks frå 19724:05
10.«All the Young Dudes» (ikkje tidlegare utgjeven stereomiks gjeven av Bowie til Mott the Hoople) Spelt inn for Aladdin Sane og spelt inn på ny av Mott the Hoople på albumet All the Young Dudes3:08
11.«Drive-In Saturday» Aladdin Sane4:30
12.«Sorrow»Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard GottehrerPin Ups2:53
13.«Rebel Rebel» Diamond Dogs4:30
14.«Young Americans» (2007 Tony Visconti-miksen av den amerikanske utgåva) Young Americans3:13
15.«Fame»Bowie, John Lennon, Carlos AlomarYoung Americans4:16
16.«Golden Years» (Singelversjon) Station to Station; singelversjon gjeven ut året før3:27
17.«Sound and Vision» Low3:03
18.«“Heroes”» (Singelversjon)Bowie, Brian Eno“Heroes”3:33
19.«Boys Keep Swinging»Bowie, EnoLodger3:17
20.«Fashion» (Singelversjon) Scary Monsters (and Super Creeps)3:26
21.«Ashes to Ashes» (Singelversjon) Scary Monsters (and Super Creeps)3:35
Plate to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«Under Pressure» (med Queen)Bowie, John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger TaylorHot Space4:08
2.«Let's Dance» (Singelversjon) Let's Dance4:08
3.«China Girl» (Singelversjon)Bowie, Iggy PopLet's Dance4:15
4.«Modern Love» (Singelversjon) Let's Dance3:56
5.«Blue Jean» Tonight3:11
6.«This Is Not America» (med the Pat Metheny Group)Bowie, Lyle Mays, Pat MethenyThe Falcon and the Snowman3:51
7.«Dancing in the Street» (med Mick Jagger)Marvin Gaye, William «Mickey» Stevenson, Ivy Jo Huntersingel3:10
8.«Absolute Beginners» (promoedit) Absolute Beginners-albumet4:46
9.«Jump They Say» Black Tie White Noise3:54
10.«Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys-miks; med Pet Shop Boys)Bowie, EnoOutside4:25
11.«Little Wonder» (Singelversjon)Bowie, Reeves Gabrels, Mark PlatiEarthling3:42
12.«I'm Afraid of Americans» (V1 Trent Reznor-miks) (radioversjon)Bowie, EnoEarthling4:25
13.«Thursday's Child» (radioversjon)Bowie, GabrelsHours4:26
14.«Everyone Says 'Hi'» Heathen3:29
15.«New Killer Star» (radioversjon) Reality (2003)3:43
16.«Love Is Lost» (redigert versjon av Hello Steve Reich-miks av James Murphy for the DFA) The Next Day Extra (2013)4:07
17.«Where Are We Now?» The Next Day (2013)4:09
18.«Sue (Or in a Season of Crime)» (med Maria Schneider Orchestra)Bob Bhamra, Bowie, Maria Schneider, Paul Batemanoriginal singelversjon7:23

3-CD luksusutgåve endre

Plate ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«Sue (Or in a Season of Crime)» (med the Maria Schneider Orchestra)Bob Bhamra, Bowie, Maria Schneider, Paul Batemanfull original singelversjon7:25
2.«Where Are We Now?» The Next Day4:09
3.«Love Is Lost» (redigert versjon av Hello Steve Reich mix av James Murphy for the DFA) The Next Day Extra4:07
4.«The Stars (Are Out Tonight)» The Next Day3:57
5.«New Killer Star» (radioversjon) Reality3:43
6.«Everyone Says 'Hi'» (redigert versjon) Heathen3:29
7.«Slow Burn» (radioversjon) Heathen3:57
8.«Let Me Sleep Beside You» Toy (2011); spelt inn 2000; original versjon frå 1967 på samlealbumet The World of David Bowie (1970) og filmen Love You till Tuesday (1984)3:11
9.«Your Turn to Drive» (òg kjend som «Toy (Your Turn to Drive)») Toy4:53
10.«Shadow Man» Toy; opphavleg spelt inn 1971 for The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars4:45
11.«Seven» (Marius de Vries mix)Bowie, Reeves GabrelsHours4:13
12.«Survive» (Marius de Vries mix)Bowie, GabrelsHours4:17
13.«Thursday's Child» (radioversjon)Bowie, GabrelsHours4:26
14.«I'm Afraid of Americans» (V1; radioversjon)Bowie, Brian EnoEarthling4:25
15.«Little Wonder» (Singelversjon)Bowie, Gabrels, PlatiEarthling3:41
16.«Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys-remiks; med Pet Shop Boys)Bowie, Enooriginalt frå Outside; PSB-miks frå året etter4:25
17.«The Hearts Filthy Lesson» (radioversjon)Bowie, Eno, Gabrels, Mike Garson, Erdal Kızılçay, Sterling CampbellOutside3:34
18.«Strangers When We Meet» (Singelversjon) Outside; originalt spelt inn for The Buddha of Suburbia (1993)4:18
Plate to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«The Buddha of Suburbia» The Buddha of Suburbia4:24
2.«Jump They Say» (radioversjon) Black Tie White Noise3:53
3.«Time Will Crawl» (MM-remiks) originalt frå Never Let Me Down (1987); remiks frå iSelect (2008)4:20
4.«Absolute Beginners» (Singelversjon) Absolute Beginners-albumet5:35
5.«Dancing in the Street» (med Mick Jagger)Marvin Gaye, William «Mickey» Stevenson, Ivy Jo Huntersingel for Live Aid3:10
6.«Loving the Alien» (Singelmiks) originalt frå Tonight; remix from året etter4:42
7.«This Is Not America» (med the Pat Metheny Group)Bowie, Mays, MethenyThe Falcon and the Snowman soundtrack3:51
8.«Blue Jean» Tonight3:11
9.«Modern Love» (Singelversjon) Let's Dance3:56
10.«China Girl» (Singelversjon)Bowie, OsterbergLet's Dance; opphavleg frå the Iggy Pop album The Idiot4:15
11.«Let's Dance» (Singelversjon) Let's Dance4:08
12.«Fashion» (Singelversjon) Scary Monsters (and Super Creeps)3:26
13.«Scary Monsters (and Super Creeps)» (Singelversjon) Scary Monsters (and Super Creeps)3:32
14.«Ashes to Ashes» (Singelversjon) Scary Monsters (and Super Creeps)3:35
15.«Under Pressure» (med Queen)Bowie, John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger TaylorSingel (1981); seinare på Queen-albumet Hot Space4:04
16.«Boys Keep Swinging»Bowie, EnoLodger3:17
17.«"Heroes"» (Singelversjon)Bowie, Eno“Heroes”3:33
18.«Sound and Vision» Low3:03
19.«Golden Years» (Singelversjon) Station to Station; singelversjon frå året før3:27
20.«Wild Is the Wind» (2010 Harry Maslin-miks)Dimitri Tiomkin, Ned WashingtonStation to Station6:05
Plate tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«Fame»Bowie, John Lennon, Carlos AlomarYoung Americans4:16
2.«Young Americans» (2007 Tony Visconti-miks av den amerikanske singelutgåva) Young Americans3:10
3.«Diamond Dogs» Diamond Dogs5:50
4.«Rebel Rebel» Diamond Dogs4:30
5.«Sorrow»Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard GottehrerPin Ups2:53
6.«Drive-In Saturday» Aladdin Sane4:30
7.«All the Young Dudes» (ikkje tidlegare utgjeven stereo-miks gjeven av Bowie til Mott the Hoople) Spelt inn 1972 for Aladdin Sane og spelt inn av Mott the Hoople på albumet All the Young Dudes3:08
8.«The Jean Genie» (25. september 2021) originalt frå Aladdin Sane; singelmiks frå 19724:05
9.«Moonage Daydream» The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars4:39
10.«Ziggy Stardust» The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars3:12
11.«Starman» (25. september 2021) The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars; singelmiks gjeve ut nokre månader etter albumet release4:12
12.«Life on Mars?» (2003 Ken Scott-miks; eksklusiv for denne utgåva) Hunky Dory3:48
13.«Oh! You Pretty Things» Hunky Dory3:12
14.«Changes» Hunky Dory3:35
15.«The Man Who Sold the World» The Man Who Sold the World3:57
16.«Space Oddity» David Bowie (1969)5:14
17.«In the Heat of the Morning» (stereomiks) først utgjeven på The World of David Bowie (1970); spelt inn 19682:58
18.«Silly Boy Blue» Feilaktig oppført som frå David Bowie (1969): han er frå David Bowie (1967)3:54
19.«Can't Help Thinking About Me» (utgjeve under namnet «David Bowie with the Lower Third») Singel (1966)2:43
20.«You've Got a Habit of Leaving» (Davy Jones; utgjeve under namnet «Davy Jones (& the Lower Third)») Singel (1965)2:29
21.«Liza Jane» (utgjeve under namnet «Davie Jones & The King Bees»)Leslie ConnSingle (1964)2:15

Dobbel vinylutgåve endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«Let's Dance» (Singelversjon) Let's Dance4:08
2.«Ashes to Ashes» (Singelversjon) Scary Monsters (and Super Creeps)3:35
3.«“Heroes”» (Singelversjon)Bowie, Eno“Heroes”3:33
4.«Changes» Hunky Dory3:35
5.«Life on Mars?» Hunky Dory3:49
Side to
Nr.TittelOpphavLengd
6.«Space Oddity»David Bowie (1969)5:14
7.«Starman» (25. september 2021)The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars; singelmiks4:12
8.«Ziggy Stardust»The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars3:12
9.«The Jean Genie» (25. september 2021)originalt frå Aladdin Sane; single mix released in 19724:05
10.«Rebel Rebel»Diamond Dogs4:30
Side three
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
11.«Golden Years» (Singelversjon) Station to Station; singelversjon3:27
12.«Fame»Bowie, Lennon, AlomarYoung Americans4:16
13.«Sound and Vision» Low3:03
14.«Under Pressure» (med Queen)Bowie, Deacon, May, Mercury, TaylorSingel seinare gjeven ut på Queen-albumet Hot Space4:08
15.«Sue (Or in a Season of Crime)» (med the Maria Schneider Orchestra)Bhamra, Bowie, Schneider, BatemanFull original singelversjon7:23
Side four
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
16.«Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys mix; med Pet Shop Boys)Bowie, Enooriginalt frå Outside; PSB-miks frå året etter4:25
17.«China Girl» (Singelversjon)Bowie, Osterburg (a.k.a. Pop)Let's Dance; opphavleg frå Iggy Pop-albumet The Idiot4:15
18.«Modern Love» (Singelversjon) Let's Dance3:56
19.«Absolute Beginners» (Singelversjon) Absolute Beginners-albumet5:35
20.«Where Are We Now?» The Next Day4:09

1-CD utgåve endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«Let's Dance» (Singelversjon) Let's Dance4:08
2.«Ashes to Ashes» (Singelversjon) Scary Monsters (and Super Creeps)3:35
3.«Under Pressure» (med Queen)Bowie, Deacon, May, Mercury, TaylorSingel, seinare gjeven ut på Queen-albumet Hot Space4:08
4.«“Heroes”» (Singelversjon)Bowie, Eno“Heroes”3:35
5.«Changes» Hunky Dory3:35
6.«Space Oddity» (Britisk singelutgåve; eksklusiv for denne utgåva) David Bowie (1969)4:33
7.«Lady Stardust» (eksklusiv for Japan) The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars3:20
8.«Life on Mars?» Hunky Dory3:49
9.«Starman» (25. september 2021) The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars; singelmiks4:12
10.«Ziggy Stardust» The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars3:12
11.«The Jean Genie» (25. september 2021) originalt frå Aladdin Sane; singelmiks frå 19724:05
12.«Rebel Rebel» Diamond Dogs4:30
13.«Golden Years» (Singelversjon; eksklusiv for Argentina, Mexico og Australia) Station to Station; singelversjon frå året før3:27
14.«Fame»Bowie, Lennon, AlomarYoung Americans4:16
15.«Sound and Vision» Low3:03
16.«Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys-miks; med Pet Shop Boys)Bowie, Enooriginalt frå Outside; PSB-miks frå året etter4:25
17.«China Girl» (Singelversjon)Bowie, PopLet's Dance; opphavleg frå Iggy Pop-albumet The Idiot4:15
18.«Dancing in the Street» (med Mick Jagger)Gaye, Stevenson, HunterNon-album single for Live Aid3:11
19.«Absolute Beginners» (Amerikansk singelutgåve) Absolute Beginners-albumet4:46
20.«Where Are We Now?» The Next Day4:09
21.«Sue (Or in a Season of Crime)» (radioversjon; med Maria Schneider Orchestra)Bhamra, Bowie, Schneider, BatemanIkkje tidlegare utgjeven på CD4:01

Salslister og salstrofé endre

Vekeslister endre

Vekesliste for 2014–2016
Liste (2014–16) Plassering
Australske album (ARIA)[27] 3
Austerrikske album (Ö3 Austria)[28] 4
Belgiske album (Ultratop Flandern)[29] 9
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[30] 24
Kanadiske album (Billboard)[31] 61
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[32] 9
Den danske albumlista (Hitlisten)[33] 11
Nederlandske album (MegaCharts)[34] 6
Finske album (Suomen virallinen lista)[35] 31
Den franske albumlista (SNEP)[36] 11
Tyske album (Media Control)[37] 4
Greske album (IFPI Greece)[38] 9
Ungarske album (MAHASZ)[39] 7
Irske album (IRMA)[40] 11
Italienske album (FIMI)[41] 6
Japanske album (Oricon)[42] 35
Newzealandske album (RMNZ)[43] 1
Norske album (VG-lista)[44] 14
Polske album (ZPAV)[45] 49
Portugisiske album (AFP)[36] 5
Russiske album (2M) 8
Skotske album (OCC)[46] 5
Spanske album (PROMUSICAE)[36] 11
Svenske album (Sverigetopplistan)[47] 20
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[48] 5
Britiske album (OCC)[14] 5
US Billboard 200[49] 57
US Top Alternative Albums (Billboard)[50] 5
US Top Rock Albums (Billboard)[51] 5

Årslister endre

Årsliste for 2014
Liste (2014) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[52] 115
Årsliste for 2016
Liste (2016) Plassering
Australske album (ARIA)[53] 15
Austerrikske album (Ö3 Austerrike)[54] 61
Nederlandske album (MegaCharts)[55] 83
Tyske album (Offizielle Top 100)[56] 77
Ungarske album (MAHASZ)[57] 46
Italienske album (FIMI)[58] 53
Newzealandske album (RMNZ)[59] 4
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[60] 81
Britiske album (OCC)[61] 40

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[62] Platina 70 000^
Belgia (BEA)[63] Gull 15 000*
Italia (FIMI)[64] Gull 25 000*
New Zealand (RMNZ)[65] Platina 15 000^
Storbritannia (BPI)[66] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Manfield, Brian (9. september 2014). «New Bowie single coming with career compilation». USA Today. Arkivert frå originalen 9. september 2014. Henta 25. september 2021. 
  2. «David Bowie: Japan 'Nothing Has Changed' & 16 mini LP Reissues». 7. oktober 2014. Arkivert frå originalen 25. september 2021. Henta 25. september 2021. 
  3. «MORE NHC RELEASES OUT TODAY INCLUDING 1CD VERSION». FaceBook. 18. november 2014. Henta 25. september 2021. 
  4. Pegg 2016, s. 456, 466, 475, 510.
  5. Trendell, Andrew. «New David Bowie greatest hits album 'Bowie Legacy' announced». NME. Arkivert frå originalen 1. oktober 2016. Henta 29. september 2016. 
  6. Monroe, Jazz. «David Bowie Singles Collection Bowie Legacy Announced | Pitchfork». Pitchfork. Arkivert frå originalen 29. september 2016. Henta 25. september 2021. 
  7. «Nothing Has Changed collection features new Bowie track». davidbowie.com. 9. september 2014. Arkivert frå originalen 23. februar 2016. Henta 20. september 2021. 
  8. «David Bowie NOTHING HAS CHANGED The Definitive Collection Featuring The Brand New Single 'Sue (or In A Season Of Crime)' Released November 18th On Columbia Records/Legacy Recordings». prnewswire.com. 9. september 2014. Arkivert frå originalen 10. september 2014. Henta 9. september 2014. 
  9. Pegg 2016, s. 509.
  10. Pegg 2016, s. 509–510.
  11. Pegg 2016, s. 510.
  12. Jones, Alan (24. november 2014). «Official Charts analysis: 1D land fourth consecutive No.1 LP as Four sells 141,780». Music Week (Intent Media). Henta 25. september 2021. 
  13. 13,0 13,1 «Official Charts – Albums – Nothing Has Changed». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 10. februar 2016. 
  14. 14,0 14,1 september 2021 "20. september 2021 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  15. 15,0 15,1 Myers, Justin (29. januar 2016). «David Bowie matches Elvis Presley's Official Albums Chart record». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  16. «Nothing Has Changed by David Bowie». Metacritic. Arkivert frå originalen 12. oktober 2017. Henta 25. september 2021. 
  17. 17,0 17,1 17,2 Stephen Thomas Erlewine. «Nothing Has Changed – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 29. juli 2017. Henta 25. september 2021. 
  18. «David Bowie : Nothing Has Changed». Magnet (116): 52. 
  19. 19,0 19,1 Lukowski, Andrzej (12. november 2014). «David Bowie – Nothing Has Changed». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 12. august 2017. Henta 25. september 2021. 
  20. 20,0 20,1 Wolk, Douglas (20. november 2017). «David Bowie: Nothing Has Changed». Pitchfork. Arkivert frå originalen 12. august 2017. Henta 25. september 2021. 
  21. «David Bowie : Nothing Has Changed». Mojo: 112. January 2015. 
  22. 22,0 22,1 Shafer, Cody Ray (4. desember 2014). «David Bowie: Nothing Has Changed (Sony)». Under the Radar. Arkivert frå originalen 12. august 2017. Henta 25. september 2021. 
  23. «David Bowie: Nothing Has Changed». Q: 112. January 2015. 
  24. 24,0 24,1 24,2 Sawdey, Evan (10. november 2017). «David Bowie: Nothing Has Changed». PopMatters. Arkivert frå originalen 14. juli 2017. Henta 25. september 2021. 
  25. 25,0 25,1 «David Bowie: Nothing Has Changed». Classic Rock: 124. January 2015. 
  26. 26,0 26,1 Horowitz, Hal (20. november 2017). «David Bowie: Nothing Has Changed». American Songwriter. Arkivert frå originalen 12. august 2017. Henta 25. september 2021. 
  27. "David Bowie – Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie". Australiancharts.com. Hung Medien.
  28. "David Bowie - Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  29. "David Bowie – Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  30. "David Bowie – Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  31. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for David Bowie. Prometheus Global Media.
  32. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select {{{date}}} on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data.
  33. «Hitlisten.NU». Hitlisten.NU. Arkivert frå originalen 11. august 2012. Henta 23. september 2021. 
  34. "David Bowie – Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  35. "David Bowie: Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  36. 36,0 36,1 36,2 http://www.ultratop.be/nl/album/3f85d/David-Bowie-Nothing-Has-Changed.-The-Very-Best-Of-Bowie Arkivert 21. september 2021 ved Wayback Machine. |title=ultratop.be – David Bowie – Nothing has Changed
  37. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control.
  38. «Top-75 Albums Sales Chart Week: 5/2016». IFPI Greece. Arkivert frå originalen 25. september 2014. Henta 20. september 2021. 
  39. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  40. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA.
  41. "David Bowie – Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie". Italiancharts.com. Hung Medien.
  42. januar 2016/ "Oricon Top 50 Albums" (på japansk). Oricon.
  43. «NZ Top 40 Albums Chart». Recorded Music NZ. Arkivert frå originalen 14. februar 2016. Henta 20. september 2021. 
  44. "David Bowie – Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  45. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry.
  46. september 2021 "20. september 2021 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  47. "David Bowie – Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  48. "David Bowie – Nothing Has Changed. The Very Best Of Bowie". Swisscharts.com. Hung Medien.
  49. «Billboard 200». Billboard. 27. november 2014. Arkivert frå originalen 18. mai 2013. Henta 1. desember 2014. 
  50. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Top Alternative Albums for David Bowie. Prometheus Global Media.
  51. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for David Bowie. Prometheus Global Media.
  52. «Jaaroverzichten 2014». Ultratop. Arkivert frå originalen 9. august 2021. Henta 8. oktober 2020. 
  53. «ARIA Top 100 Albums 2016». Australian Recording Industry Association. Arkivert frå originalen 21. september 2021. Henta 21. september 2021. 
  54. «Ö3 Austerrike Top 40 – Album-Charts 2016». oe3.orf.at. Arkivert frå originalen 4. januar 2016. Henta 221. september 2021. 
  55. «Jaaroverzichten – Album 2016». Hung Medien. Arkivert frå originalen 23. desember 2016. Henta 26. desember 2016. 
  56. «Top 100 Album-Jahrescharts». GfK Entertainment (på tysk). offiziellecharts.de. Arkivert frå originalen 3. januar 2017. Henta 8. oktober 2020. 
  57. «Összesített album- és válogatáslemez-lista – eladási darabszám alapján – 2016». Mahasz. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 25. februar 2017. 
  58. «Top of the Music – FIMI/GfK: Le uniche classifiche annuali complete.» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen 10. januar 2017. Henta 1. februar 2017. 
  59. «Top Selling Albums of 2016». Recorded Music NZ. Arkivert frå originalen 26. desember 2016. Henta 25. desember 2016. 
  60. «Schweizer Jahreshitparade Alben 2016 – hitparade.ch». Hung Medien. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 2. januar 2017. 
  61. White, Jack (30. desember 2016). «The Official Top 40 Biggest Albums of 2016». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 30. desember 2016. Henta 21. september 2021. 
  62. «ARIA Charts – Accreditations – 2016 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  63. «Ultratop − Goud en Platina – 2016». Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. 
  64. «Italian album salstrofé – David Bowie – Nothing Has Changed» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter David Bowie in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  65. «New Zealand album salstrofé – David Bowie – Nothing Has Changed». Recording Industry Association of New Zealand. 
  66. «British album salstrofé – David Bowie – Nothing Has Changed». British Phonographic Industry.  Enter Nothing Has Changed in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff endre