Notodden Blues Festival

(Omdirigert frå Notodden Bluesfestival)

Notodden Blues Festival, NBF, er ein bluesfestival som årleg vert arrangert på Notodden i Telemark.

Publikum på Notodden Blues Festival i 2009
Foto: Rockman
Beth Hart på Notodden Blues Festival i 2009
Foto: Rockman
Noora Noor på Notodden Blues Festival i 2009
Foto: Rockman

Festivalen vart arrangert første gong i 1988 og er ein av dei største bluesfestivalane i Nord-Europa. I 2002 var det 23 000 personar som kjøpte billett til arrangementet.

Nokre av artistane frå 2006 inkluderer Gary Moore, Beth Hart, Johnny Winter og Canned Heat. Festivalen i 2006 vart opna av kommunalminister Åslaug Haga og festivalen i 2007 vart opna av statsråd Trond Giske.

NBFs Bluespris endre

Festivalen har sidan 1991 delt ut ein eigen bluespris til artistar, personar eller organisasjonar som har gjort ein spesiell innsats for bluesen i Skandinavia. Prisen går under namn NBFs Bluespris og vinnaren får 20 000 kroner og ein statuett.

Vinnarar endre

Bakgrunnsstoff endre