November 17 (Revolusjonær organisasjon 17. november) var ein gresk marxistisk geriljaorganisasjon som vart oppretta i 1973 og lagt ned i 2002. Han var stempla som terrororganisasjon av Hellas og USA. Ingen av medlemmane vart identifiserte før i 2002.

Logi

Gruppa tok namn etter datoen 17. november 1973, då den greske militærjuntaen slo brutalt ned på eit studentopprør som resulterte i at minst 20 studentar vart drepne.

Det greske militærdiktaturet fekk støtte frå USA som såg på regimet som ein alliert i kampen mot kommunismen, gjennom Truman-doktrinen. Som følgje av dei tette banda til USA vart amerikanske embetsmenn raskt mål for gruppa. CIA-sjef i Athen Richart Welch var første offer for gruppa og vart skoten og drepen utanfor heimen sin i 1975.

Gruppa utførte fleire titals større væpna aksjonar, der tolv av dei var dødelege. Ofra for aksjonane var hovudsakleg amerikanske soldatar og embetsmenn, britiske og tyrkiske diplomatar og greske bankfolk, bedriftseigarar og høgreorienterte.

I desember 2003 fekk seks av leiarane i gruppa livstidsdommar, medan ni andre fekk lågare dommar for deltaking. Rettsprosessen har fått kritikk frå forsvarsadvokatar og menneskerettsorganisasjonar, mellom anna fordi rettssaka var lukka for offentlegheita.

I 2003 vart gruppa Revolusjonær kamp oppretta. Denne vert rekna som ei slags vidareføring av November 17.