Nudel (frå tysk[1]) er ein matvare laga av mjøl, salt og vatn som ein kokar i vatn. Nudlar er gjerne forma som lange trådar. Dei kan også vera forma som små figurar, stjerner eller liknande.[2] Nudlar er utbreidde i asiatisk matlaging og i europeisk, særleg italiensk mat, der dei gjerne er kjende som pasta.

Nudlar i ei suppe.
Tradisjonell tillaging av nudlar for hand i Dalian i Kina.

Ein kan laga nudlar av kveite, bokkveite, ris[2] og ein del andre ingrediensar. Til pasta er durumkveite vanleg. Blandinga blir kjevla eller valsa ut og skore opp i formene ein ønsker. Deretter blir dei kokte, nokre gonger i vatn med salt og matolje tilsett. Nudlane kan så tørkast for seinare bruk eller brukast til ulike matrettar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «nudel» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 Ditlefsen, Anne; Slinde, Erik (13. august 2019). «nudler». Store norske leksikon (på norsk). 
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.