Nunavut

Nunavut
Geografisk plassering

Territorium i Canada

Hovudstad Iqaluit
Flatevidd

 - Rangering i Canada

2 093 190 km²

1.

Folketal (2006)

 - Rangering i Canada
 - Folketettleik

30,782

13.
0,0156/km²

Grunnlagd 1. april 1999
Offisielle språk Inuktitut, inuinnaqtun, engelsk, fransk
Commissioner
Premierminister
Eva Aariak
P.J. Akeeagok
Nettstad www.gov.nu.ca
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Nunavut ('vårt land' på inuittspråket inuktitut) er det største og yngste av territoria i Canada. Det blei delt frå Nordvestterritoria i 1999 medan dei faktiske grensene blei fastlagde i 1993. Territoriet omfattar nesten 25 % av dei kanadiske landområda. 80 % av innbyggjarane er inuittar. Nunavut er det første territoriet der urfolk har fått ei stor grad av sjølvstyre.

Om Nunavut var eit eige land ville det vore det femtande største og hatt den lågaste folketettleiken i verda. Folketalet på berre 30 782 er fordelt på eit område like stort som Vest-Europa.

Territoriet omfattar fleire store arktiske øyar, der Baffinøya er den største. Den nordlegaste av dei, Ellesmereøya, ligg berre nokre mil frå nordvestre spissen av Grønland. Nunavut grenser elles til Manitoba i sør, Saskatchewan i sørvest, og Nordvestterritoria både på fastlandet og fleire av øyane. Hovudstaden Iqaluit ligg på Baffinøya. Den nest største byen i territoriet er Rankin Inlet.

Nunavut er delt inn i tre administrative regionar: Kitikmeot, Kivalliq og Qikiqtaaluk.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Nunavut
  Denne geografiartikkelen som har med Canada å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.