Nurmijärvi er ein kommune i landskapet Nyland i Södra Finlands län. Nurmijärvi har cirka 38 000 innbyggjarar og eit flatemål på 367,32 km². Nurmijärvis sentrum er Nurmijärvi kyrkby, med cirka 7 000 innbyggjarar. Andre tettstader i Nurmijärvi er Klövskog og Rajamäki. Nurmijärvi er heilt finsktalande, ligg berre ein halv time frå Helsingfors og har Esbo, Vanda, Tusby, Hyvinge og Vichtis som naboar.

Nurmijärvi
kommune
Våpenskjold
Land Flag of Finland.svg Finland
Fylke Nyland
Grunnlagd 1605
Wikimedia Commons: Nurmijärvi

HistorieEndra

Nurmijärvi vart eigen kommune i 1605. Forfattaren Alexis Kivi (1834-1872) vart fødd i tettstaden Palojoki. Kommunen har namnet sitt etter innsjøen Nurmijärvi, men han vart delvis drenert i 1920-åra for å skaffe jord til landbruk. I 1950-åra vart han heilt drenert.

NæringslivEndra

Av folkesetnaden er 63 prosent sysselsette innan handel, transport og øvrige tenester, 34 prosent innan industri og bygningsbransjen og 3 prosent innan landbruk. Flest tilsette har Nurmijärvi kommune, Altias, Teknos-Winter och Korsisaari.

BakgrunnsstoffEndra



Kommunar i landskapet Nyland
Borgnäs | Esbo | Grankulla | Hangö | Helsingfors | Hyvinge | Högfors | Ingå | Karislojo | Kervo | Kyrkslätt | Lojo | Mäntsälä | Nummi-Pusula | Nurmijärvi | Raseborg | Sjundeå | Träskända | Tusby | Vanda | Vichtis
Landskap i Finland | Finland