Nyíregyháza (rumensk Mestecăneşti) er ein by nordaust i Ungarn, og hovudstad i fylket Szabolcs-Szatmár-Bereg. Byen har opp under 120 000 innbyggjarar og er den sjuande største i landet og ein av dei viktigaste i Nord-Ungarn.

Nyíregyháza
Horisonten til Nyíregyháza
Horisonten til Nyíregyháza
Flagget til Nyíregyháza Byvåpenet til Nyíregyháza
Flagget til Nyíregyháza Byvåpenet til Nyíregyháza


Plassering
Nyíregyháza is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Den nordlege store sletta
Szabolcs-Szatmár-Bereg
Først nemnd i 1209
Geografi
Flatevidd
 - By

274,46 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

116 899
  426/km²
Koordinatar 47°57′11″N 21°43′38″E / 47.95306°N 21.72722°E / 47.95306; 21.72722
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 4400
Telefon-retningsnummer 42
Heimeside: www.nyiregyhaza.hu

Historie endre

Nyíregyháza vart først nemnd i 1209, men då berre som Nyír (som tyder «bjørk»). Ei kjelde frå 1326 nemner at byen då hadde ei kyrkje, og hadde fått det andre namnet, «egyház» (som tyder «kyrkje», eller bokstavleg 'eit hus'). På midten av 1400-talet hadde han 400 innbyggjarar. Under den osmanske okkupasjonen på 1500-talet vart Nyíregyháza forlate og ført busett igjen i 1630- og 1640-åra.

Etter den ungarske sjølvstendekrigen leia av prins Frans Rákóczi II voks folketalet i byen. Dei fleste nye busetjarane kom frå Slovakia. I 1786 fekk Nyíregyháza rettar til å halde fire marknadsdagar årleg, og på denne tida var byen den største i fylket med 7 500 innbyggjarar. Tidleg på 1800-talet var Nyíregyháza rik nok til å kjøpe seg fri frå sine føydale herrar, familiane Dessewffy og Károlyi. I løpet av desse velståande åra fekk byen eit nytt rådhus, eit sjukehus, fleire skular og ein restaurant nær innsjøen Sóstó («Saltsjøen»).

Innbyggjarane av byen tok aktivt del i den ungarske revolusjonen og sjølvstende krigen 1848-1849, og etter revolusjonen vart slått ned på og stogga vart mange av innbyggjarane fengsla, mellom anna borgarmeisteren Márton Hatzel.

På andre halvdel av 1800-talet vart Nyíregyháza meir og meir urbanisert og i 1876 vart byen fylkessete i Szabolcs (som i dag er ein del av det større fylket Szabolcs-Szatmár-Bereg). I 1858 fekk Nyíregyháza jernbane og fleire nye bygningar vart bygd, inkludert eit telegrafkontor, hovudpostkontoret og teateret. I 1911 stod sporvognsnettet ferdig.

Etter dei mange rettssakene og prøvingane etter den første verdskrigen var Nyíregyháza under rumensk okkupasjon i ti månadar. Mellom dei to verdskrigane feira byen 100-årsjubileum etter frigjevinga frå dei føydale herrane.

Under den andre verdskrigen vart meir enn 6 000 av jødane i byen deporterte og 2 000 andre innbyggjarar vart sende til russiske arbeidsleirar (malenky robot). Fleire bygningar vart øydelagd, inkludert Status Quo-synagogen. I dag er frontveggen bevart og ein del av den jødiske gravplassen i Nyíregyháza. Her ligg mellom anna storrabbi Joseph Leifer gravlagd. Han er son av den verdskjende rabbien Mordachai av Nadvorna, og han slo seg ned i Nyíregyháza etter den første verdskrigen.

Frå 1960-åra utvikla byen seg raskt og i dag er Nyíregyháza ein av dei mest velståande byane i Ungarn. Han er både eit utdanningssenter og ein populær turistdestinasjon. Mange kjem til dei musikalske hendingane og festivalane i byen, særleg haustfestivalen «Nyírségi Ősz».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Nyíregyháza frå Wikivoyage