Nyainqêntanglha
Nyenchen Tanglha eller Nyainqêntanglha, tibetansk གཉ་ཆེན་ཐང་ལྷ་ ('Gnyan-chen-thang-lha') kinesisk 念青唐古拉山 (pinyin 'Niànqīngtánggǔlā Shān') er ei fjellkjede som ligg i Nyingchi-prefekturet i sentrale Tibet.
Nyainqêntanglha | |||
fjell | |||
Land | Kina | ||
---|---|---|---|
Region | Damxung i Tibet | ||
Fjellkjede | Nyainqêntanglha Shan | ||
Høgd | 7 162 moh. | ||
Koordinatar | 30°22′15″N 90°35′09″E / 30.37083°N 90.58583°E | ||
Nyainqêntanglha 30°30′N 94°30′E / 30.5°N 94.5°E | |||
Wikimedia Commons: Nyainqêntanglha Mountains |
Geografi
endreFjellkjeda har meir enn tretti toppar som er over 6000 moh., fire av dei når over 7000 moh. Ho deler Tibet i to og skaper eit vasskilje mellom elvane Yarlung Zangbo (Brahmaputra) og Nu (Salwin).
Det høgaste punktet er fjellet med same namn som kjeda, Nyainqêntanglha feng, som er 7162 moh. og blei klatra første gongen i 1986 av ei gruppe japanske fjellklatrarar.[1] (andre kjelder seier 7088 moh.).
Fjellkjeda ligg sør for innsjøen Namtso (Tengrinor), den andre største saltvassjøen i Tibet. Den næraste byen er Yangpachen. Nyainêntanglha ligg rundt 30 mil nordvest for Lhasa.
Religiøs tyding
endreNyainêntanglha tyder 'grassletteguden' på tibetansk. I følgje tibetansk folketru er guden for fjellet gift med gudinna for den heilage Namtso-sjøen, og det finst mange soger og songar om desse. Gudeparet, gjennom dei fysiske symbola sine, blir særleg dyrka i saueår, ettersom dei begge skal ha blitt fødde i eit slikt år.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nyainqêntanglha» frå Wikipedia på engelsk, og «Mount Nyainqentanglha» frå Wikipedia på engelsk den 22. september 2008.
- ↑ summitpost.org, 22. september 2008
- ↑ tibetmagazine.net[daud lenkje], tibettrip.com