Nyplatonismen, det guddomlege arbeid

Nyplatonismen, det guddomlege arbeid er ei bok i bokklubben sin serie Verdens Hellige Skrifter, redigert av Ingemund T. Askeland og utgjeven i 2010. Boka inneheld tekstar frå nyplatonismen, slik han stod fram frå 200-500-talet. Tekstutvalet er gjort for å «gje eit visst innsyn i grunnleggjande trekk ved filosofien samstundes som det er lagt vekt på å presentere nyansane i den religiøse tenkinga».[1]

Plotin med sina disiplar. Relieff frå ein romersk sarkofag.

Nyplatonismen var ei filosofisk-religiøs retning som oppstod i seinantikken på 200-talet. Han sameinar element frå nypythagoreisme, filosofien til Platon og orientalsk utløysingslære.[2] Sjølve omgrepetnyplatonisme vart fyrst innført i nyare tid for å identifisere og skilja ut denne platonske tradisjonen som vart initiert av Plotin og i sin heidenske form varte fram til 500-talet.[1]

Nyplatonikarane oppfatta kosmos som eit hierarkisk ordna system av verekategoriar med grader av fullkommenskap, heilt ned til materien, det vonde prinsipp. Gud kan berre erkjennast i ekstasen, som er den høgaste erkjenningsformen. Deretter kjem intuisjonen og i tredje rekke den vanlege logiske tenkinga. Den lågaste kunnskapsformen er den sansane gjev oss.[2]

Innhald endre

Boka har fem hovudavsnitt, der det siste er størst og omfattar halve boka. Dei lengste enkelttekstane er Dei kaldeiske orakla og Om mysteria av Jamblikos.

  • Grunnleggjande filosofi
  • Einskap og mangfald
  • Platon og den guddommelege filosofi
    • Proklos: Innleiing til Platonsk teologi
  • Om gudenamn og gudebilete
    • Tekstar av Proklos og Porfyrios
  • Tanke eller tru: teurgi og den filosofiske gudekulten
    • De kaldeiske orakla, Proklos' Om det heilage handverket, Jamblikos' Om mysteria, og andre tekstar av Profyrios, Proklos og keisar Julian

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Kjelde for sitat og vurderingar er Ingemund T. Askeland si innleiing til Nyplatonismen, 2010, s.IX-LVI, her s.LV.
  2. 2,0 2,1 nyplatonisme hjå Store norske leksikon

Bibliografi endre