Nyrenessanse er ein stilretning innan historismen med ei blomstringstid mellom 1840 og 1880. Han nytta formspråket frå renessansen, og bygde på den sterke renessanseinteressa innan kunst- og historieoppfatning som naturleg følgde begeistringa for gotikken.[1]

Nyrenessansebygget Teatro Amazonas frå 1896.
Wiener Staatsoper i nyrenessansestil, fotografert rundt 1900

Meir enn andre såkalla neo-stilar fekk stilen si særskilde nasjonale utforming med blomstring i Tyskland, der han blei boren av sterke nasjonale, historiske interesser, ikkje minst etter felttoget mot Frankrike 1870–71. Ein hovudfigur innan stilretningen var Gottfried Semper som var professor i Dresden og seinare i Zürich. Både som teoretikar og som arkitekt fekk han stor innverknad, ikkje minst på norske arkitektstudentar, som på denne tida nesten alle studerte i Tyskland. På grunn av det nære sambandet med dette kulturmiljøet blei denne neo-stilen med pussa fasader med renessanseornament den mest framherskande i dei større byane i Noreg.[1]

I Europa blei nyrenessansen avløyst av nybarokk og art nouveau i 1890-åra, i Noreg av drakestilen omtrent samtidig, sjølv om han levde vidare i arkitekturen i 1890-åra i ein dansk-hollandskprega variant med raud tegl og meir eller mindre ekte sandsteinsband.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «nyrenessanse». Store norske leksikon (på norsk). 24. september 2016.