O-antifonar

(Omdirigert frå O-antifon)

O-antifonane er nemningar på ei særskilt rekkje med antifonar, som alle byrjar med vokativen O. Det er sju av dei, og dei er knytte til dei siste sju dagane av den kristne adventstida.

Manuskript til «O adonai».
«O Spientia» framført av munkar ved benediktinarklosteret i Olinda i Brasil.

Kvar antifon har ei nemning for Kristus i opninga, slik:

  • 17. desember: O Sapientia (Visdom).
  • 18. desember: O adonai (Herren)
  • 19. desember: O radix jesse (Isai stuv)
  • 20. desember: O Clavis David (Davids nøkkel)
  • 21. desember: O Oriens (dagning)
  • 22. desember: O Rex Gentium (folkefyrste)
  • 23. desember: O Emmanuel.

I Romers-katolsk tradisjon er kvar av desse sunge eller resitert ved Vesper. Engelsk tradisjon let songande følgje magnificat etter kveldsbøna. I protestantiske land kan desse og nyttast etter kveldsbøn. Salmen «Å kom, å kom Emmanuel» er ei lyrisk attgjeving av desse antifonane. Dei første bokstavane lese baklengs dannar ein akrostikon av ordet Ero Cras, som tyder 'Eg skal vera der i morgon' på latin.

Opphav

endre

Det er ikkje lett å finne opphavet til desse antifonane. Nokre meiner at det tekstlige grunnlaget alt er å finne hjå Boethius. Antifonane var nytta av benediktinarmunkane i Fleury-klosteret, og dei var i bruk i romersk liturgi på 700-talet. Ein kan slutte seg til at desse songane var i bruk alt i den tidlege kyrkja. Dei er nytta for å byggje opp under adventstida.

Analyse

endre

Kvar antifon nyttar ei nemning for Kristus. I tillegg viser kvar av dei til ein av spådomane til Jesaja, knytte til kristi fødsel. Kvar av dei avsluttar med imperativet Veni (kom).

O Sapientia

O Sapientia, quae ex ore Altissimi prodiisti,
attingens a fine usque ad finem,
fortiter suaviterque disponens omnia:
veni ad docendum nos viam prudentiae.

Omsett:

Visdom, som kjem utor munnen til den høgste, og når med kraft frå ende til ende, og som skipar alt godt, kom og lær oss måtehald.

Teksten har opphavet i Jesaia 11, 2-3: Og Herrens ande skal kvile over han. Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap om Herren og otte for han. Han skal ha sin hugnad i otte for herren, og han skal ikkje døme etter det auga ser, og ikkje skifte rett etter det øyra høyrer.

Teksten knyter seg til tanken om Kristus som Guds ord, slik det er presentert i Johannesprologen.

O adonai

O Adonai, et Dux domus Israel,
qui Moysi in igne flammae rubi apparuisti,
et ei in Sina legem dedisti:
veni ad redimendum nos in brachio extento.

Omsett:

Adonai, og førar for Israels hus, som synte seg for Moses i den brennande busken, og gav han lova på Sinai, kom og løys oss ut med din utstrekte arm.

Teksten er tufta på Jesaja 11. 4-5: Men han skal døme armingar med rettferd og skifte rett med rettvise for dei smålåtne på jorda, og han skal slå jorda med riset i sin munn og drepa den ugudelege med anden frå leppene sine. Rettferd skal vera beltet om lendene og truskap beltet om hoftene hans. For Herren er vår domar, herren er vår styrar, og Herren er vår konge. Han vil frelse oss (Jesaia 33.22).

O Radix Jesse

O Radix Jesse, qui stas in signum populorum,
super quem continebunt reges os suum,
quem Gentes deprecabuntur:
veni ad liberandum nos, jam noli tardare.

Omsett:

Isai stuv, som står som teikn mellom folkeslaga. Kongar skal teia framfor deg. Til deg skal folkeslaga be. Kom og løys oss ut, og dryg ikkje lenger.

Teksten her er tufta på Jesaia 11. 1: Men ein kvist skal renna or Isai-stuven, og ein renning frå hans røter skal bera frukt. Og på 11.10: I den tida skal heidningsfolka søke til rotrenningen av Isai, som står som ei fane for folkeslag; og bustaden hans skal vera herleg.

Isai var far til kong David. Profeten Mika spådde at frelsaren skulle vera av Davids ætt og bli fødd i Betlehem.

O Clavis David

O Clavis David, et sceptrum domus Israel;
qui aperis, et nemo claudit;
claudis, et nemo aperit:
veni, et educ vinctum de domo carceris,
sedentem in tenebris, et umbra mortis.

Omsett:

Davids nøkkel og kongestaven til Israels hus. Du opnar og ingen kan stengje, du stengjer og ingen kan opne. Kom og før fangane utor fengsel, dei som bur i mørker og under daudeskuggen.

Teksten er etter Jesaja 22.22: Og eg vil leggje nøkkelen til Davids hus på herda hans, og når han let opp, skal ingen låse att, og når han låser att, skal ingen lata opp. Jesaia 9.7: Så skal herredømet verte stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans; det skal stødast og haldast oppe med rett og rettfer, frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers Gud, skal gjera dette. Jesaia 42.7: Så du skal opne blinde augo, føre fangar utor fengslet og dei som sit i mørker utor fangehuset.

O Oriens

O Oriens,
splendor lucis aeternae, et sol justitiae:
veni, et illumina sedentes in tenebris, et umbra mortis.

Omsett:

Morgonstjerne, Glans frå det ævelege lyset og rettferds sol, kom og opplys dei som bur i mørkret og i daudeskuggen (den bokstavelege tydinga av "oriens" er "stigande sol", men morgonstjerna er nytta som poetisk omskriving. Venus står og i aust om morgonen).

Teksten er tufta på Jesaia 9.2: Det folket som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort lys; over dei som bur i daudeskugge-landet, skal lyset stråle.

O Rex Gentium

O Rex Gentium, et desideratus earum,
lapisque angularis, qui facis utraque unum:
veni, et salva hominem,
quem de limo formasti.

Omsett:

Konge over folkeslaga, og deira ønskje, hjørnesteinen som gjer to til ein: kom og frels menneska, som du skapte av leire.

Teksten er tufta på Jesaia 9.5: For eit barn er skjenkt oss, og ein son er gjeven oss. Herreveldet er lagt på aksla hans, og han skal kallast underfull rådgjevar, mektige gud, ævelege far og fredsfyrsten. Og på 2.4: Og han skal døme mellom heidningefolka og skifte rett for mange folkeslag. Då skal dei smi sverda om til hakker og spjuta sine til hageknivar. Folk skal ikkje lenger løfte sverd mot folk, og dei skal ikkje lenger eggje seg opp til krigsferd.

O Emmanuel

O Emmanuel, Rex et legifer noster,
exspectatio Gentium, et Salvator earum:
veni ad salvandum nos, Domine, Deus noster.

Omsett:

Emmanuel, vår konge og lovgjevar, vona og frelsaren for folkeslaga: kom og frels oss, du herre gud.

Teksten er tufta på Jesaja 7.14: Så skal då herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, møya vert med barn og føder ein son, og ho skal gje han namnet Emmanuel, "Gud med oss".

Musikk

endre

Kvar av antifonane har kvar sin gregorianske melodi. Mark-Antoine Charpentier skreiv ut desse for fullt kor i 1690. Seinare har Arvo Pärt laga sin versjon av songane for kor, i tysk omsetjing. Fleire andre komponistar har utarbeidd desse tekstene for kor i seinare år. Og salmen Veni, veni Emmanuel er og nytta i norsk kyrkjesamanhang.

Annan omarbeiding

endre

Cynewulf utarbeidde antifonane til eit gamalengelsk dikt kring år 1000. Diktet er kalla Crist I.

Kjelder

endre