Sommar-OL 2004

(Omdirigert frå OL 2004)

Dei 28. olympiske sommarleikane vart arrangerte i Athen i Hellas frå 13. til 29. august 2004. Det vart konkurrert i 301 medaljeøvingar i 28 ulike sportsgreiner. Det var 10 500 utøvarar frå 202 land.

Sommar-OL 2004
Welcome Home
Idrettsgreiner 28
Opna 13. august 2004, av Konstantínos Stefanópoulos
Avslutta 29. august 2004
Utøvarar
Totalt 11 099
Dei olympiske sommarleikane
2000 2008

Medaljeoversyn endre

Olympiske sommarleikar 2004
Plass Nasjon  Gull   Sølv Bronse Totalt
1   USA 35 39 29 103
2   Kina 32 17 14 63
3   Russland 27 27 38 92
4   Australia 17 16 16 49
5   Japan 16 9 12 37
6   Tyskland 14 16 18 48
7   Frankrike 11 9 13 33
8   Italia 10 11 11 32
9   Sør-Korea 9 12 9 30
10   Storbritannia 9 9 12 30
16   Noreg 5 0 1 6

Norske medaljar endre

Gull endre

Bronse endre

Førebuingane endre

 
Olympiastadionen under opningsseremonien.

Athen vart vald som vertskapsby for leikane i 2004, etter at dei til mange si forundring ikkje vart valde som vertskapsby for Sommar-OL 1996. Då hadde Athen sin søknad i hovudsak vore basert på at det ville vore 100-årsjubileum for dei moderne olympiske leikane. Ved tildeling av Sommer-OL 2004 vann Athen over Roma i den siste røystinga med 66 mot 41 røyster. Før dette vart Buenos Aires, Stockholm, Cape Town og San Juan slegne ut.

På grunn av terrorangrepet mot USA den 11. september 2001, var frykta for terrorisme enorm. På grunnlag av det vart tryggingsbudsjettet for leikane auka til svimlande 970 millionar euro. Under leikane patruljerte om lag 70.000 politimenn gatene og stadionanlegga. NATO og EU bidrog òg med hjelp etter at Athen bad om assistanse.

Den internasjonale olympiske komitéen uttrykte uro over framgangen i byggearbeidet på dei nye olympiske anlegga, vart ein ny organisasjonskomité sett saman, med OL-president Gianna Angelopoulos-Daskalaki som leiar. Athen vart forandra til ein by som brukar moderne teknologi i transport og byutvikling. Nokre av dei mest moderne sportsarenaene i verda vart bygde til sommar-OL 2004.

I slutten av mars 2004 var dei fleste av førebuingane til dei olympiske leikane kraftig forseinka, så dei greske styresmaktene annonserte at ein ville gå vekk frå planen om å byggje tak over symjeanlegget. Stadionanlegget stod ferdig kort tid før dei olympiske leikane starta, seinare enn noko OL tidlegare.

19 personar døydde under arbeidet med å få dei olympiske stadionanlegga ferdig til opninga.

Den olympiske elden vart tent den 25. mars i Olympia. Deretter tok han fatt på ein stafett rundt Jorda, der den besøkte tidlegare arrangørbyar, i tillegg til ein del andre større byar.

Før leikane gjekk dei greske hotellarbeidarane ut i fleire eindagsstreikar om løn under leikane. Dei hadde eit ynske om ei monaleg lønsauke under perioden. Ambulansesjåførane og helsepersonellet hadde protestert òg, dei ynskte same kompensasjon som politi og militært personell.

Maskotar endre

 
Maskotane var baserte på denne modellen

Sidan Vinter-OL 1968 i Frankrike har det vore ein tradisjon å ha maskotar for leikane. Maskotane for Dei olympiske leikane i 2004 var syskena Athiná and Phévos (Uttala Athina og Fivos på gresk). Dei var inspirerte av antikke, greske «dokker», eigentleg skulpturar med religiøse anar.

Opningsseremonien endre

Opningsseremonien, som vart halden 13. august 2004 starta med ei tretti sekunds nedteljing med lyden av rytmiske hjarteslag som bakgrunnsmusikk. Når nedteljinga var fullført, vart fyrverkeri som lyste opp skyene skote opp, samtidig som eld braut ut frå eit reflekterande basseng i midten av stadionen, som laga eit brennande bilete av OL-ringane. Opningsseremonien var ei visning av gresk kultur og historie heilt tilbake til den mytologiske byrjinga. Programmet byrja med ein ung gresk gut som kom siglande inn på stadionen, viftande med det greske flagget. Etterpå kom fleire kjende skikkelsar frå dei gamle greske mytene, fylgt av ein parade som kronologisk oppsummerte gresk historie frå antikken og fram til dei moderne tider.

Etter at det artistiske skodespelet var ferdig, kom paradane med alle deltakarnasjonane. 10 500 utøvarar marsjerte under bannera til 202 nasjonar. Basert på tilskodarane sin reaksjon, var det emosjonelle høgdepunktet Afghanistan sitt inntog. Afghanistan har vore vekke frå dei olympiske leikane ei stund, og hadde no kvinnelege utøvarar for fyrste gong. Andre nasjonar som fekk merksemd var Irak og Nord-Korea. Det vart seinare musikk av den tyske artisten DJ Tiësto, og den islandske artisten Björk song.

Opningsseremonien vart avslutta med tenninga av den olympiske elden, som skulle brenne under heile dei olympiske leikane. Det var den 36 år gamle vindsurfaren Nikolaos Kaklamanakis som fekk æra av å tenne den olympiske elden. Etter at elden var tent, vart det endå ein gong sendt opp spektakulært fyrverkeri.

Medaljeøvingane endre

 
Det USA-amerikanske roarlaget.

Dei offisielle øvingane er lista under. For fyrste gong inneheldt dei olympiske leikane bryting for kvinner, og kvinnene fekk òg kjempe i sabel i fekting for fyrste gong. Amerikanske Kristin Heaston, som opna kvalifiseringsrunden i kulestøyt for kvinner, vart fyrste kvinne til å konkurrere på den gamle bana i Olympia, og kubanaren Yumileidi Cumba vart fyrste kvinne til å vinna ein gullmedalje der. Demonstrasjonsidretten rullestolkøyring markerte ei sameint OL/paralympics-øving ved å tillate ei paralympics-grein i dei olympiske leikane, og å opne opp for rullestolkøyring i framtida for folk som ikkje kan konkurrere i dei paralympiske leikane.

Dei paralympiske leikane starta 17. september, og vart òg haldne i Athen.

Dei 28 sportsgreinene det vart konkurrert i var:

Tilleggsstoff endre

Kjelde endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sommar-OL 2004