«O store Gud» er ein kristen salme basert på eit dikt skrive av Carl Gustav Boberg (1859–1940) i Sverige i 1885. Teksten vart for første gongen publisert i Mönsterås-Tidningen den 13. mars 1886. Melodien er ein svensk folkemelodi. Baptistpresten Knut Josef Andersen omsette songen til norsk i 1956. Jorulf Aarvold har òg laga ei omsetjing, og det er denne som vert nytta i songboka til pinserørsla. Dei fleste andre norske songbøker nyttar Andersen sin tekst. Rita Engebretsen og Gunnar Jørstad har skrevet ein norsk tekst med tittelen «En herlig tid».

Salmen vart trykt i Sanningsvittnet den 16. februar 1891, og vart omsett til tysk i 1907 av Manfred von Glehn (1867–1924)[1] i Estland, med namnet «Wie groß bist Du» (først «Du großer Gott»)[2] I år 1927 publiserte Ivan Stepanovitj Protsjanov[3] ein russisk versjon, som misjonæren Stuart K. Hine[4] fann i Ukraina og omsette til engelsk som «How Great Thou Art» (samtidig som han la til to eigne vers i sin komposisjon). I den forma vert songen sungen i engelsktalande land, og spesielt vart han sungen under evangeliseringsmøte i England under andre verdskrigen. Salmen vart seinare særs populær som følgje av George Beverly Shea og Cliff Barrows sine framføringar under Billy Graham-korstogene.[5] Songen vart kåra til Storbritannias favorittsalme av BBCs Songs of Praise.[6] «How Great Thou Art» vart rangert som nummer to (etter «Amazing Grace») på ei liste over favorittsalmer gjennom tidene i ei undersøking av Today's Christian-magasinet i 2001.[7]

Songen har blitt sungen av fleire kjende musikarar, som Artur Erikson, Elvis Presley og Alan Jackson. Han var signaturmelodien til den svenske songaren Einar Ekberg. Elvis Presley kalla han sin «favorittsalme», og det skal ha vore den einaste songen av skandinavisk opphav som han hadde på repertoaret sitt.

Ann-Margret spelte inn songen gav han ut på albumet God Is Love: The Gospel Sessions 2 i 2011.

Refreng

endre
Då brister själen ut i lovsångsljud:
O store Gud! O store Gud!
Då brister själen ut i lovsångsljud:
O store Gud! O store Gud!

Innspelingar på engelsk

endre

Norske innspelingar

endre

Instrumentale versjonar

endre

Kjelder

endre
  1. http://www.assistnews.net/Stories/2007/s07100068.htm Arkivert 2009-02-10 ved Wayback Machine. , http://ingeb.org/spiritua/howgreat.html
  2. http://ingeb.org/spiritua/howgreat.html
  3. William Kahle, (1978), Evangelische Christen in Russland und der Sovetunion: Ivan Stepanovic Prochanov (1869–1935) u.d. Weg d. Evangeliumschristen u. Baptisten (Frankfurt am Main: Oncken), ISBN 3789370568 / ISBN 978-3789370564
  4. http://www.stinalisa.com/HowGreatThouArt.html
  5. Kurian, G. T. (2001). Nelson's new Christian dictionary: The authoritative resource on the Christian world. Nashville: Thomas Nelson.
  6. Bradley, Ian: "All Things That Give Sound," in "Not Angels, But Anglicans: A History of Christianity in the British Isles", ed. Henry Chadwick (Norwich: Canterbury Press, 2000), 208.
  7. Bonne Steffen, "The Ten Best Worship Songs" Today's Christian (September/October 2001); http://www.christianitytoday.com/tc/2001/005/4.48.html (besøkt 2 February 20089).

Bakgrunnsstoff

endre