Oberliga var DDRs øvste fotballdivisjon. Ligaen vart oppretta i 1949 og eksisterte til og med sesongen 1989/90.

Sesongen 1990/91 fungerte som kvalifikasjonsserie til Bundesliga i det sameinte Tyskland sesongen etter. Før DDRs Oberliga vart oppretta, vart det spelt to Austsonemeisterskap i det sovjetiskokkuperte Aust-Tyskland. Desse meisterskapa vart spelt på regionalbasis, med eit sluttspel etter cup-system for å kåre meisteren.

Den første sesongen i Oberliga vart spelt utan laga frå Aust-Berlin, som da framleis spelte i serie saman med laga frå Vest-Berlin. Frå 1954/55-sesongen bestod ligaen av 14 lag. I ein periode mellom 1955 og 1960 vart ligaen spelt i vår – haust-sesongen.

Til liks med ligaer i mange andre land i Aust-Europa, var truleg og DDRs Oberliga skjemt av utanomsportsleg innblanding og kampfiksing. Det blir mellom anna hevda at dei fleste av BFC Dynamo Berlins seriemeisterskap på 1980-talet var fiksa.[treng kjelde]

Fleire lag vart og flytta mellom ulike byar.

Vinnarar av Oberliga endre

Austsonemeisterskap endre

DDR-meisterskap endre

NOFV-mesterskap endre

Etter sesongen 1990/91 fekk dei to beste laga i den austtyske serien plass i alltysk Bundesliga. Dei seks nest beste laga fekk plass i 2. Bundesliga. Dei siste seks laga i divisjonen fekk plass i alltysk Oberliga (nivå 3).

Bakgrunnsstoff endre